bokanmeldse

Døden slik han er 

Eg har lese Då Ivan Iljitsj døydde av Lev Tolsjoi, i utgåva på nynorsk frå Skald (2023, lesareksemplar frå forlaget). Dette er fyrste boka eg har lese av den russiske, store forfattaren. Ho kom ut i 1886 og er forfatterens fyrste skjønnlitterære verk etter Anna Karenina. Det er den andre boka eg har heime av han: Anna Karenina står og ventar på meg.

Då Ivan Iljitsj døydde er ei langnovelle på omtrent hundre sider. Ho fortel om livets to sider – livet og det som ikkje er livet meir. Det er ei rein skildring av det meiningslause. Det er ei forteljing som ikkje gøymer verken smerte, forfall eller misnøye.

Forfattaren syner oss Ivan Iljitsj Golovin – ein jurist som har jobba seg fram til ein stilling ved overretten i St. Petersburg. Vi får sjå han sånn som han vert ramma av kreftsjukdom, ein sjukdom som tek livet hans. Vi får innsikt i korleis arbeidet hans har vore. Vi får sjå at kollegaene – etter at han vart sjuk – ventar på at stillinga hans vert frigjord! Andre vil gjerne ha arbeidet hans, løna, hans stilling.

Ivan undrar på om han har levd dårleg og gale. Livet som har vore verkar rett uekte og overflatisk. Han finn lite livsglede og lite von. Eg les reine ord for pengane.

Dei dyrekjøpte dokterane får ikkje takksame svar frå Ivan. I stadet for å be om tilgiving til sine næraste, vil han mest berre verte frigjort. Det er ingen som forstår han, kan det sjåast ut som – med eit viktig unntak.

Unntaket er hustenaren som er bondeson og gjer alt stellet, også med avføringa og anna, som ei sjølvfølgje. Han meiner det er heilt rett, for Ivan han er sjuk. Hustenaren har ikkje same skepsisen som eg som lesar får ane frå overklassa ikring han elles.

Tolstoj syner fram sjukdommen og døden i all sin gru, og det er det noko frigjerande i. Vi treng ikkje late som og vere betre enn vi er. Hans usminka versjon av livet og døden gjer denne boka verdt å lese; til alle tider. Ho er rett allmenngyldig.

Eg spør meg sjølv: Er livet berre sånn? Å leve for å døy? Og vidare: Kva vil eg gjere undervegs, for å lage meg meining sjølv om vi alle veit vi skal døy – og berre nett det? På livets veg vil eg lese fleire gode bøker og kanskje fatte meir av ting i meg og rundt ikring meg – i verda og universet, levande og døde.

Det meiningslause i denne boka gjer ho nett full av meining. Eg trillar terningen så han står og spinnar mellom fem og seks. Mogeleg dødtid har vorte fylt med nye slags tankar og viktige erindringar i meg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s