bokanmeldse

Det viktigaste av alt 

Eg har lese Tarjei, 13 år av Anja Dahle Øverbye (Samlaget 2023). Eg klappar meg på hjartet og tenkjer: Det viktigaste er å treffe barn og unge når dei treng det. Denne forteljinga set ord på ein kvardag som er snudd litt på hovudet samstundes som den er høgst relevant for veldig mange barn av foreldre som ikkje passar saman lenger. 

I teikneserieform formidlar Øverbye historia om Tarjei som likar gaming og er oppteken av venene sine. Det er det som gjeld! 

Noko har endra seg. Skulevegen er ikkje berre den same lenger. Han må heim til der mor bur, og det er heime hos ein ny kjærast. Tarjei og broren har no foreldre som lev som skilte. 

Tarjei synst kvardagen er vanskeleg og han gløymer å få med seg gym-bagen til skulen når han sjonglerer mellom to heimar. 

Boka handlar om kjensler, vener og å ville vere ein stad ein er eller kjenner seg meir trygg – som den gamle leikehytta der ting er nett som før. Men å vere tretten år er også å vekse og kanskje verte forelska!

Tarjei synst mamma masar. Kan han ikkje få vere i fred? Likevel, det er no han treng både mamma og pappa, i det minste to gym-bagar. 

Tarjei, 13 år er ei sterk, viktig og god bok om å vere nett stor og liten på same tid. Eg set fem plussar på terningen min for ei fin leseoppleving for meg som vaksen for å forstå korleis yngre kan ha det i livet sitt. Eg trur boka kan gi unge lesarar trøyst, forståing og mot.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s