bokanmeldse

Sceneteppe over kvitt 

Eg har vore på teater i bokform. Eg har lese Jon Fosse sitt nye skodespel I svarte skogen inne (Samlaget 2023). Han skriv så eg ser heile skogen. Eg går meg ikkje vill i mørkeret, boka treff meg med leselys, leselyst og livslyst trass i at teksten eg las (og også livet) kan handle om døden.

I svarte skogen inne er eit skodespel med fem roller som verkar inn:
Yngre mann / yngre mannsrøyst
Eldre kvinnerøyst / eldre kvinne
Eldre mannsrøyst /eldre mann
Yngre kvinne i lang kjole / yngre kvinnerøyst
Mann i svart dress

Handlinga byrjar med yngre mann som keiar seg og køyrer på ein skogsveg nett difor. Han køyrer seg fast. Denne scena kjenner eg att frå Kvitleik.

Det er seinhaust. Det er mørkt i skogen. Han byrjar å gå innover i den mørke skogen etter hjelp. Inne i svarte skogen står trea tett. Det snør kvitt over det heile.

Rollegalleriet dansar i saman og gir meg bilete av eit liv og fleire relasjonar i generasjonar på denne og andre sida, av det vi kan kalle livet. Var dette alt? Eg takkar stort for det som er. Terningkast 6, må lesast – opplevast.

Eg vonar å sjå oppsetjing av eit eller fleire av skodespela til Fosse ein gong i framtida. I svarte skogen inne hadde urpremiere på Det Vestnorske Teateret 11. mai 2023 i Bergen, under Festspela.

Legg igjen en kommentar