Eg har lese Kvitleik: forteljing av Jon Fosse (Samlaget 2022, lesareksemplar frå forlaget).
Det er ein draum å lese Fosse, synst eg. Skrifta hans er både nær og langt unna. Han er presis og svevande i eitt. Eg veit ikkje heilt korleis forfattaren greier det. Fosse bind jorda og æva saman. No greidde han å skape kjensla i meg igjen: Dette med å forstå, og likevel ikkje vite alt – om noko! Det gjer at eg vil lese. Då kan eg kan vere med på tankereiser – så mange som helst. Eg vil ha ei livsvarig billett i Fosses skjønnlitterære verd. Denne forteljinga, på omtrent 70 sider, byrjar med ein biltur.
Eg-personen, ein mann, køyrer av garde utan mål og meining. Eller, han veit ikkje kvar han skal. Han gjer det for å ha noko å gjere. Han tek til høgra og venstre vekselvis, til han hamnar inn på ein skogsveg der bilen set seg fast. Det er i djupe hjulspor og han står i ei tuve utan å kome seg att eller fram. Det byrjar å snø. Han sjølv byrjar å leite ikring seg, etter folk, eller – han går, i stadet for å hente hjelp, innover i skogen. Finst det i det heile folk der?
Eg vert med tankane hans. Det må vel bu folk, når det er veg. Og det er stiger! Nokon har gått her. Det er mørkaste skogen over det kvite underlaget. I snøvêr synest korkje stjerner eller måne. Kor mørkt det er! Plutseleg ser han ein kvit skapnad. Han byrjar snakke til han, henne svarar. Eller gjer ho ikkje, om det er ei ho då? Om han kjem til ei stue, er ho varm. Men kvitleiken, skapnaden, kjem og går, er ikkje folk.
Han finn ikkje menneske, vil tilbake til bilen å få på varmen. Kor dumt var det ikkje å køyre slik. Han frys. Men kvitleiken gjer varmare. Etter ei stund, kjem to menneske. Det må vere to menneske. Det må vere eit par. Men kva gjer dei her? Dei svarar og svarar ikkje når han snakkar. Dei er mor, dei er far – hans mor, hans far. Dei kjem og går. Ein mann i svart dress går attmed, den kvite skapnaden med. Eg-et svinn.
Kvitleik er ein forteljing om og mellom liv og død, ei bok som eg på død og liv vil seie at ein burde ta seg tid til å lese om ein har sans for tankar, draumar og livet sjølv. For kva er livet om vi ikkje har rom til det vi kjenner inni oss? Boka er kraftfull som livet og Fosse meistrar heilt klart å skrive meisterleg om døden.
Etter å ha lese, satt eg att med ein tydeleg tanke: Det er ikkje lys og sjå nett fordi det er så mørkt, noko som ikkje tyder at det ikkje finst og er lys, eller at det ikkje er menneske som byr seg om meg, deg. Vi berre ser det ikkje sjølv, i mørket – er det ikkje nett sånn ein kan lese fram lyset, sånn alt kan henge saman? Femmar på terningen med plussteikn attåt. Eg kunne gjerne lese eit par hundre sider til.
