Eg låste meg inn i leilegheita mi. Sette meg i godstolen, min beste Stressless. Der les eg best. Eg var nett komen heim frå jobb etter ei rett god arbeidsveke og helga venta. Eg kunne senke skuldra om eg ville, og berre vere heime ei tid. Blokka på Bjerke av Bjørn Hatterud (Samlaget 2023, lesareksemplar) låg framfor meg saman solrike laurdagstimar.
Eg tok boka fatt. Eg kom heim til ei anna leilegheit, Bjørn sin i Grodruddalen – på Bjerke – der han hadde budd i 13 år i tredje etasje. På golvet: kunstgras. Taket: måla himmelblått. Kjøkenet: oransjefarga. På side 159-160 finn eg at kjærasten Peder fortalde han hadde lese at oransje berre vart likt av homofile og folk som var mentalt ustabile. «Eg er ekstremt glad i oransje,» skriv Hatterud.
Blokka på Bjerke viser eit Oslo som har forandra seg. Kva som før var rekna som usentralt seljast no som sentrale strøk. Gentrifisering, prisar i vekst, gode og dårlege rykte kring menneske som lev på dei ulike plassane. Baksida: Å ikkje lenger ha råd til å bu der ein har budd og trivst best, i takt med dei at tida har endra blokkane, bydelane og prisklassane.
Boka fortel om Hatterud sin reise i bustadmarknaden og samstundes i livet. Ho fortel om å vere funksjonshemma, homofil og forseinka i eiget liv. Ikkje vere russ på same tid som andre, ikkje verte forelder. Eg festa meg ved setningane på side 55: «Jamaldrande fekk ferdig utdanning, arbeid og karriere, fast følge og familie. Eg fekk trygd.»
Når han endeleg får kjøpe si eiga leilegheit, er det ei på Bjerke han har råd til, då det var usentralt. No er det så sentralt at når han må flytte fordi han av helsegrunnar treng garasje, er prisnivået for høgt til å finne ei leilighet som har det saman med det andre han treng her.
Hatterud fortel om vennane, eg kjenner det som om det er høgt under taket hans og finn meg ein plass. Han har vennar i alle aldrar og fleire er litt annleis ein «normalen» i samfunnet. Han skriv (side 54): «Folka eg er glad i, har ofte falle ut av skular eller arbeidsliv, familien eller det gode selskap. Men dei har lykkast godt med å vere seg sjølve og med å vinne hjartet mitt.»
Boka viser oss nokre av menneska som lev og levde i same blokk som Hatterud. Boka rommar alle slags folk og eg kjenner dei får rett hylleplass no. Eg får lyst til å sjølv flytte inn, observere og bli. Eg kjenner samstundes ein angst kring det som ikkje består og søkjer sjølv livsløpsperspektiv.
Eg vonar Hatterud skriv heile livet ut. Blokka på Bjerke er nedpå, usminka og nær. Det kvardagslege og menneskelege i boka gjer ho nett spennande og storslått. Boka er lett å kjenne seg att i både med menneskelege aspekt – der ho rommar alle slags folk – og er eit nært Oslo-portrett å pryde veggane mine med. Terningkast 5.
PS. Eg har tidlegare lese Mot normalt og Mjøsa rundt med mor. Eg kan anbefale båe.

