bokanmeldse

Open lesefest:  Førestillingar om folk flest

Lesehesten eg hadde med meg ei tjukk bok då eg var på fjellet blant sauer, bjelleklang og duft av grønt gras i helga. Eg knegga godmodig undervegs i lesinga og eg klappa inni meg då eg var ferdig på måndagen, ein applaus som kunne passa på teater, og det passar godt for eg las nett Soga om oss og andre skodespel av Kristin Auestad Danielsen (samlaget 2023, lesareksemplar frå forlaget).

Til saman fire av forfattarens dramatiske tekster for vaksne er publiserte i boka, tre av dei har tidlegare vore oppførte på scene. Kronologisk finn ein Danish Crown (2009), Årets fotballspelar 1997 (2010), Vår Vesle (2018) og Soga om oss (2022). Eg hadde sjølv lese Vår vesle i bokform frå før og erfaringa gav meg stor tru på samlinga som inviterte til fleire scener. 

Samlinga rommar mørk fabel om eit dyrehotell for vaksne, livet i Noreg utifrå vår felles historie om olja og det såre, nære om å møte vaksenlivet. Vart ikkje livet som ein tenkte? Foreldra kan óg få ein overrasking, som i Vår vesle. Dei opplev at dottera er som ein baby igjen. For meg, var det noko fint i også det: Uansett kva vi greier eller ikkje i livet er vi framleis oss – som nokon, også framleis, elskar. Vi får sjå ein baby som smiler med rosa solbriller og smokk på ferja. Eg smilte med, så godt å vite no og forever

Historiene er elleville og presise på same tida og fornøyelige å lese og sjå framfor seg. Eg synst Danish Crown var litt vanskeleg å få tak på, men eg kosa megmed det rike, dyriske persongalleriet. Dei andre tekstane forstod eg betre. Alle har noko til felles med samlinga i si heilheit og også med meg i krafta av å vere  «folk». Stykka er oss.

Danielsen viser at skodespel ikkje treng å vere høgttravande. Samstundes skriv ho slåande. Skodespela er nære og dreier seg særleg om folk flest. Difor er dei relevante og store. Velkommen til folkefest, folketeater å oppleve kor som helst med leselys og leselyst, til kva tid som helst. Terningkast 5. 

Legg igjen en kommentar