I år kjenner eg at eg verkeleg lever. Eg har fått jobbe og utvikle meg, sjølv om eg ikkje meistrar alt.
Eg har om mogeleg levd enno meir i bøkene mine. Eg har fått fleire forfattarar eg følgjer og les. I år oppdaga eg dramatikar og forfattar Kristin Auestad Danielsen, gjennom både ei diktsamling og seinare på dei nynorske festspela, med årets roman frå henne: Du er bonde. I dag vil eg fortelje om den fyrste romanen av henne, som eg akkurat har lese. Ho vart gitt ut på Samlaget i 2018. Boka er kor vakker som helst, og ein verkeleg ven eg set varsamt i hylla mi. Ho heiterVår vesle.
Vår vesle er om Mari. Ho er 30 år og flyttar inn i kjellarleilegheita til foreldra etter studietida i Gøteborg. Ho har blitt (som ein) fugl. Fuglen er tynn og kleda store. Ein dag dei skal besøke besteforeldre som har gullbryllaup, må foreldra hennar, som historia forteljast frå i bokas fyrste del, drege av henne kleda dusje henne. Ho har mista kontrollen, hadde ho ikkje alt på stell?
«Vår vesle» får besøk av ein elektrikar, han er gift. Dei likar kvarandre, men han har jo andre – både kone og ungar. Han fortel del to av boka.
I det tredje, som i eventyra, kjenner eg liksom at historia får ei god ende eg, trass i alt som ikkje er bra. Det er som om eg toler å lese det som er vondt, når eg ser at kjærleik og omsorg finst her i verda.
Den tredje delen forteljast frå himmelen, ei mormor som ikkje lev lenger. Kan ho beskytte ein fugl, kanskje kan ho vere eit evig trygt reir, eller ei venge over skuldra, tenkjer eg. For «Vår vesle» må få leve, må få ete, må få flyge.
Boka får fram eit tema som abort på ein særskilt sart og sterk måte. Romanen er varsam, men ikkje engsteleg for å skrive seg fram til hjartet mitt. Han treff meg. Og eg kjenner eg elskar, som ein veldig god venn, eller ei bestemor i himmelen.
Fem pluss pluss pluss! frå meg, som vonar Auestad Danielsen skriv vidare. Eg har eit hjarte her nede i bringa, det vil treffast, bøkene er min kjærleiksbustad – i gode og vonde dagar.
