For eit års tid sidan, las eg Tonje Glimmerdal – ein moderne barnebokklassikar av Maria Parr, og vart glad inst i hjartet mitt. Eg smilte, sprudla over som appelsin-slush i snøen og gledde meg litt ekstra over alt det vesle i livet. Det er jo stort! Utan at alt treng å vere fantastisk eller spesielt, det berre er – og eg er her med. No har eg lese Parr si nye bok, Oskar og eg. No skal du få høyre kva eg synst!
Kven ein får lese om? Ida og veslebroren Oskar som bur i eit heilt vanleg, rotete hus. Utafor er elva som susar. Dei to går på elvesafari i sementrøyr og har vedomn i ei furuhytte som plutseleg har krympa sidan Ida har vorte større.
Dei to søskena har to onklar. Den eine er sjuk og har oksygenslange i nesa. Mamma får våte auge. Onkel Bulle vert åleine. Kven er det som har funne på at folk døyr? Når julaftan kjem, inviterer dei Bulle heim til seg, så dei kan feire jul saman som fem. Men så kjem julenissen også, ein med ekte skjegg. Står ikkje verda til påske?
Det er nettopp det ho gjer. Verda står til stor stil – og vi er i verda, nett no. Eg vil teke vare på alle kvardagsgleder, åleine og i samspel med store og små. Om kvarandre, fjernt og nært.
Kvart kapittel i boka er ei god forteljing, og passar å lese ein kvar dag for dei minste tenker eg. Eg som vaksen, har kost meg med godteposen i helga. Takk for ei god oppleving alle skulle få ha – liten som stor, i litteraturerfaringa si og i livet sjølv. Terningkast 6, for livet med.

