bokanmeldse

Ei som glimrar 

Eg har fryda meg gjennom ei barnebok for barn omkring aldersgruppa mellom 9 og 12 år, ein roman av Maria Parr. Han heiter Tonje Glimmerdal (Samlaget 2009) og er ei glimrande forteljing om både unge og gamle og alt som kan hende i ein dal. Det går både opp og ned! 

Tonje Glimmerdal er ei kjempetøff jente på 9 år som mest bur saman med far sin, mora er på Grønland og forskar på isen som smeltar og er heime berre av og til. Tonje har raude løvekrøllar, syng høgt og hoppar på ski. Ein mann som driv med turisme, likar ikkje Tonje, for Tonje lager liv og røre, han vil ha stille til sine helseferie-kundar på Campingverksemda si. Han set opp forbod mot barn. Han klarar heller ikkje å lære seg namnet hennar og kallar henne Trulte nesten heile tida. 

Tonje har ingen jamaldra å leike med, det er ikkje barn i Glimmerdalen. Bestevenen hennar er ein mann på 74 år som heiter Gunvald. Han liknar litt på eit troll, sjølv om han kanskje er den beste og snillaste Tonje veit om. Ein dag kjem det for en dag, at Gunnvald, ja heile dalen, har halde noko hemmeleg for ho. 

Frå nå av, er Gunnvald ein annan mann enn Tonje testa rattkjelkar og song Blåmann med, mens han spelte fele, dalen ein annan. Fela får ei anna låt, men om ein speler livet sitt saman kan ein få ein god klang att opplev eg i denne boka. Ei samstemd og god bok eg verkeleg vil tipse barnefamiliar om, noko å lese for deg unge. Boka er ikkje forutsigeleg sjølv om ho er skriven for barn. Han syner mange sider, speler på fleire sider og eg får eit orkester i hovudet av båe dur og moll. 

Eg har ikkje lese så mange bøker for denne aldersgruppa sjølv, etter at eg vart vaksen, så eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal sjå etter når eg skal setje karakter. Men eg veljar å sjå etter spenning, humor, humør og noko som kan skape leselyst og gi leseglede. Alt dette glimrar  denne boka med. Ho kan vere gull verdt med alle sine gullkorn, så eg gir ho medalje med terningkast 5 pluss gravert inn bakpå og ønskjer alle små lesarar nokre spennande, fine og morosame timar. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s