bokanmeldse

Vinnar 

Ein sommar eg låg og koste meg litt på stranda, høyrde eg ein del på radioen i øyreproppane mine. Reporteren i det aktuelle programmet inviterte på eit godt parti leseanbefalingar og trekte fram ei lengre novelle: Sjakknovelle av Stefan Zweig. Eg festa meg til tittelen. No har teksten blitt utgiven på nynorsk saman med nokre andre tekstar i ei og same bok og eg oppdaga og las samlinga: Sjakknovelle og andre tekstar av Stefan Zweig (Skald 2019). Boka inneheldMåneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Det er av desse berre Sjakknovelle som tidlegare har vore utgiven på norsk. 

Zweig sitt forfattarskap var blant dei mest omsette på 1920-talet og gjennom krigen vart tekstane farga av krigen som utkjempa seg. Handlinga i tekstane hans går i det kvardagslege og ofte føre seg på reiser, på hotell, på skip, i tog. Forfattaren rører seg tilsynelatande uanstrengt rundt blant ulike personar, skjebnar og stader. Dette var å lese og sjå godt i teksten Uventa innføring i eit handverk der han følgde med på ein lommetjuv. Saman med kvardagsliv fangar tekstane til Zweig opp større menneskelege eigenskapar og utfordringar. Å vere utsett for tortur, verte sinnsjuk og å hamne i ei krise som ikkje endar, speler seg ut i Sjakknovelle. Det er også ein likskap til forfattaren sjølv som rakt etter å ha fullført sjakknovelle, tok sitt eige liv saman med kona si (1942). 

Sjakknovelle og andre tekstar er ei særs levande bok som får meg til å sjå godt på menneska i kring meg og ønskje å finne ut kva for historier dei kan fortelje meg, deg – her og no og framover. Med denne boka gav fortida meg med andre ord von for mi framtid, trass all elende og tragisk skjebne eller utgang for fleire i forteljingane og for forfattaren sjølv. Språk og litteratur er uvurderleg for meg kjenner eg nett no – likevel skal eg setje eit terningkast; fem pluss. Bør lesast. 

Legg igjen en kommentar