bokanmeldse

Edda, er du gamal på ny

Eg har hatt gleda av å lese Edda av Jon Fosse – Den eldre Edda i ein scenisk versjon (Skald 2023). Boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget). 

Ved lesinga steig karakterane frå Snorre sitt diktarskap opp frå moglege gløymslar fram i stova mi. Mykje var også heilt nytt for meg – eg kjende ikkje heile historia kring dei gamle æsene og tankane om korleis menneska vart til frå før. Eg såg, under leselys, Tors hammar, villskap i Hel – som finst under verdstreet Yggdrasil – og lynet klart på himmelen etter Tors verk. 

Språket er rikt og rytmisk. Nett hjelpt av god flyt og poetisk språk kunne eg følgje handlinga sjølv om fleire namn og også ord eller uttrykk var ukjende for meg. Gjentakingane gjer det lettare å forstå og hugse dei mange namna frå kvarandre. Ein får dei framstilt frå fleire vinklar og i same samanheng att. 

Stykket eg no har lese hadde urpremiere på Det Norske Teatret i 2017 – eg kjenner eg kunne likt å sjå det. Eg elskar å oppleve gamal diktarkunst i vår tid og i nynorsk språkdrakt. Her er vi, her er eg, lenge etter «i opphavs tid» som fleire av strofene startar med. Meir stadfestande og frigjerande og samstundes spennande og morosam lesing mellom himmel og jord, trur eg nesten ikkje finst! 

Terningkastet mitt vibrerer i eit storslått jordskjelv – og eg kan fortelje: det snurrar kring fem og seks. Eg undrar på kva andre lesarar synst om verket også. Sjølv ser eg vidare fram til å setje meg til i godstolen med fleire av sogene frå Snorre i scenisk versjon, ført i pennen av Fosse, medan eg trur terningen må lande på seksaren for meg. Boka eg nett har lese gav meg ei annleis, historisk, interessant og inspirerande leseoppleving. God leselyst! 

Legg igjen en kommentar