Eg har lese Londonjenta av Susanna Alakoski, omsett til nynorsk av Runa Kvalsund (Samlaget 2024, lesareksemplar) – bok nummer to i Bomullskvartetten om kvinner i Finland og Sverige på 1900-talet som eg las fyrste roman frå (Bomullsengelen) i fjor omtrent på denne tida. Eg hadde gledd meg til neste bind. I februar tok eg reisa vidare inn i bomullsverda, arbeidet og livskår på harde livet i Vasa i Finland, fleire stader i Sverige, eit opphald i London og tilbake til både Finland og Sverige att. Ein sirkel av arbeid, ein sirkel av liv. Ein lengt til vi skil oss ad?
Vi er i 1950-åra idet bok to tek over historia. Greta har forlate mor Hilda og bomullsfabrikken i Vasa. Vona er eit betre liv – aldri i livet om ho vil arbeide på fabrikk! Ho vert barnejente og pleieassistent i Stockholm. Draumane tek ho vidare til London og stjernene ein elles berre kan høyre og lese om.
Ho får jobb hos familien Conley, ein høgtståande, intellektuell familie. Ho treff andre barnejenter som er frå Sveits og lærer seg sjølv engelsk. Ho får treffe Elizabeth Taylor og får stjerner i auga med bomullsfabrikken og tekstilindustrien på lang avstand. Bror til Greta har også reist frå Vasa – han har busett seg Sverige og er stadig på eventyr både i kjærleiken og på feriereiser i fleire land.
Samstundes er mor Hilda framleis ein bomullsengel i Vasa. Livet røyner på under høgtpressa industri. Automatisering av drifta har sette inn og fabrikken opplev konkurranse frå fleire land. Kva vil framtida bringe?
I Sverige vert også livskåra vanskelege. Greta har hamna i tekstilindustrien der mannen Henri arbeider også og etter ei stund vert han sjuk også til sinns. Kan Greta greie alt med tre barn mest åleine?
Boka leverer, engasjerer og tek meg bort frå meg sjølv samstundes som eg kjem nær på eigne kjensler. Eg lever meg inn i liva til kvinnene eg får møte i boka og får oppleve empati til det ukjende gjennom velkjende, levande og truverdige skildringar av kjenslelivet og livsdraumar. Eg gler meg til å reise vidare inn i kvinnene sine liv – særskilt er eg nysgjerrig på ferda til eldstedottera til Greta, Kathrine – i bok nummer tre når ho kjem. Sterk femmar på terningen.

