Eg har lese første bok ut i ein kvartett om kvinners liv og arbeid, draumar og lengt, krig og kjærleik på nittenhundretalet i landa Finland og Sverige, i fire generasjonar. Boka ber tittelen Bomullsengelen og er skriven av Susanna Alakoski, omsett til nynorsk av Runa Kvalsund (Samlaget 2023).
Det er ikkje alltid lett å tru på englar. Men eg trur på menneska i denne boka, og dei som utgjer bomullsenglane – nett dei som jobbar hardt på bomullsfabrikken, særskilt for kvarandre og syng for kvinners rettar. Eg trur på det harde tilværet dei lever i og korleis dei trur, håpar og jobbar for ein ok kvardag, eit godt liv heilt enkelt.
Vi fekk følge Hilda som er fødd i 1905. Ho vaks opp på garden Sorola i Österbotten. Tilværet i Finland på denne tida var mest prega av uår og krig. Då Hilda kom til verda, fekk mora stiresjuka. Ho greidde ikkje teke seg av Hilda og Hildas far var i Amerika. Det var gamle, gudfryktige Sanna-täti som arbeidde på garden som tok hand om henne. Hilda fann også selskap, trøyst og glede i katten som heitte Kisuli.
Verkelegheita slo knute på seg og vart meir kompleks då Hilda hamna i ulykka. Ho vart gravid med ein prest og det utanfor ekteskapet. Med alt det bar med seg av skyld og skam på denne tida måtte ho reise frå det vesle trygge ho hadde og eigde, også katten. Arbeid fekk ho på ein annan gard.
Arbeidet der var tungt og ressursane og godane små. I det harde tilværet hadde ho like vel gode stunder, der ho vart godt kjend med Helli som også arbeidde der. Helli meinte dei to kunne få seg ei betre framtid i byen Vasa – eit heilt anna liv drøymde ho – med jobb på bomullsfabrikken og eigen bustad for arbeidarar.
Vi følgde med på ferda og fekk sjå korleis fabrikken vart bygd opp, korleis industrien vaks og kva som vart enno vanskelegare under andre verdskrig. Vi var med gjennom graviditet, fødsel og fråfall av liv.
Boka er eit stykke historie, sjølv om ho er ein roman der diktinga mest er det som vi les, ikkje faktiske personar eller konkrete hendingar som har funne stad i røynda. Likevel formidlar romanen nett det verkelege: draumen til kvart enkle liv i god tråd med samfunnsutviklinga, bokstaveleg tale. Eg anar omfattande og godt gjennomført research. Resultatet presenterer ei historie der stor verdspolitikk og familiære og nære kjensler er vove saman. Eg ser for meg ein større bildevev eg vil hengje opp på stoveveggen min for å sjølv sjå og forstå kvart menneske si historie og indre og ytre liv i alt og eitt. Terningkast fem frå meg, som gler seg til neste bok.
