bokanmeldse

Kjærleik på kross av livet

Eg har lese Stormfulle høgder (1847) av Emily Brontë – ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda – i ny, nynorsk språkdrakt og innpakning utgiven av Skald forlag i 2019. Eg har skrive om det før og eg skriv om det igjen: eg likar å oppleve litteratur som har stått seg over tid, oppdage den på ny for oss som les i dag. 

I motvind blæs håret oppover, smiler eg medan arka som har blafra så ivrig mellom hendene mine får falle til ro, innanfor dei fint innbundne, grøne permane. No vil eg skrive og fortelje om leseopplevinga mi. Ho er god nok til at eg kan førestille meg at lesarar kan både glede seg over og verte fenga av denne romanen i minst hundre år til!

Romanen er ei mørk kjærleikshistorie mellom Cathrine og den vondsinna protagonisten Heatcliff frå ein nord-engelsk landsbygd på ein avsidesliggande herregard spreidd på to stader nær kvarandre. Heatcliff elskar Cathrine og set alle andre menneske og familieband på spill for å vinne kjærleiken hennar. Han spelar så høgt at Cathrine sjølv mister livet. 

Stemninga er mørk, dyster og samtidig til å ta og kjenne på. Eg heldt pusten fleire gonger og vart riven med – opp og ned dalsidene mellom dei to herregards-lokasjonane der mesteparten av handlinga utspelar seg.

Romanen har to forteljarar. Leietakaren Mr. Lockwood som møter Heatcliff lenger etter Cathrines bortgong er forteljaren i rammeforteljinga som hendar tretti år etter hovudhandlinga. Han møter svigerdottera som heiter det same og frå fjerde kapittel møter vi hushjelpa og barnepiken Nelly Dean som viser han samanhengen med dei to Cathrinene og hendingsforløpet forut. Vi får historia ho fortel gjennom Mr. Lockwoods referat. Boka endar ikkje før også den andre personen i kjærleikshistoria – altså Heatcliff – har trådd ut av livet. 

Kort sagt etter lang lesning: Roman til the bitter end med livets vanskelege og ytterlegaste både realitetar og galnaste vanvit. Eg vil tru på det gode i menneska og stor kjærleik, og innrømmer også at eg kanskje vonar mest at tilsvarande kjærleikshistorier ikkje skjer i verkelegheita så lenge verda finst til!

Stormfulle høgder er ein roman som er nesten størst av alt. Han gir meg tru på litteraturens evne til å passe til fleire tidsepokar og aldrar. Verket vart først gitt ut under pseudonym: Ellis Bell. Etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn. Med handa på hjartet – der boka trefte meg heilt – vil eg seie at dette er ei bok eg vil tru ein kvar forfattar kunne stått skikkeleg inne for no. Terningkast fem med plussteikn attmed. 

Legg igjen en kommentar