bokanmeldse

Avkledd einsemd

For nokre dagar sidan, hadde «Einkvan» av Jon Fosse urpremiere på Det Norske Teateret. Eg har lese skodespelet i bokform (Samlaget 2024, lesareksemplar). Eg er både stum av beundring og relativt snakkesalig!

Boka gav meg følelsar verde å fortelje vidare. Samstundes er dei nesten ikkje til å setje ord på. Skodespelet syner oss einsemd i det ein møter seg sjølv i døra. Vi ser to menn; ein ung mann som møter ein annan ung mann som liknar mykje på han sjølv. Begge er biletkunstnarar og måler meir enn dei er saman med andre. 

Ei eldre kvinne møter ei eldre kvinne som liknar mykje på henne sjølv. Likeins får vi sjå ein eldre mann som møter ein annan eldre mann som liknar mykje på han sjølv. Dei er foreldre som snakkar til den yngre sonen. Dei vil møtast, snakke om åra som har gått, men dei får aldri svar. Den einaste som svarar, er dobbeltgjengaren deira.

Vi ser sorg over å ikkje nå fram og ei lengt etter fellesskap. Eg las ei stadfesting av målinga den unge mannen hadde gjort til livsverket sitt. I målinga fann han røynda. Han trong difor ikkje anna enn einsemda – eller ønske han anna? Målinga tok han bort frå alt det andre… – som kunne ha vore? 

Eg er nokon, ein som les og eg elskar det. Boka trefte meg – i hjartet og slo rotfeste. Eg vil gjerne gifte meg med litteraturen og gå på vift teater om eg nok ein gong vågar meg ut av komfortsona her eg sit mellom bokhyller og tastatur. Eg slår ring om særeigen litteratur! Terningkast 6. 

Legg igjen en kommentar