bokanmeldse

Avtrykk

Eg har sokke ned i boka og stige til himmels medan eg har tatt for meg Tid og rom (Samlaget 2024, lesareksemplar) – den nyaste romanen til Gaute M. Sortland.  Bli med meg på ei lita omvising: 

Tid og rom
 handlar om ein forfattar som vil sette spor etter seg. Han drøymer om å skyte den neste romanen sin ut i bane kring jorda. Han hamner i diskusjon med kompisen sin om nett det og får eit slag i ansiktet.

Samstundes er kjærasten Gerti på jobbseminar på Gardermoen der ho får problem med sjefen og andre tilsette. Ho vil hentast heim! For å redde ho dreg «forfattarhelten» vår i en fart for å frigjere henne. Ferda går i bilen til systera Therese då han sjølv har gløymt kor han har gjort av bilen sin – saman med både henne og kompisen Paul som ikkje greidde seie nei når han vart spurt medan han freista å be om tilgiving for slaget i andletet. Paul har vore forelska i Therese i ei årrekke utan at det har vorte eit par av dei to – Therese har ein annan mann og Paul har hatt andre forhald, som alle har gått tapt. Boka byggjer opp forventningar til både livet og syner fram det komplekse – og fine! – i å leve saman.

Tid og rom flytta meg sjølv ut frå mi eige stove og moglege keisame, vante tankar. Romanen var ei morosam og opplyftande leseoppleving utan om det vanlege! Boka flyt over av humor, overskot og treffande observasjonar. Eg ser venskap og ei kjærleikshistorie, samt ei hyllest til livet på jorda: med draumar og tankesprang som lukkelegvis høyrer med! Boka har satt avtrykk i meg. No vil eg vere her, eg klyp meg i armen og kjenner at eg sit godt i stolen min. Til slutt signerer eg med terningkast 5. 

Legg igjen en kommentar