bokanmeldse

Vedunderleg skrekk og åtvaring 

Eg las omtrent på denne tida i 2023 framtidsromanen 11% prosent av Maren Uthaug. Nyleg kom framhaldet ut: boka 88% (Samlaget 2025, lesareksemplar frå forlaget). Som sist er boka omsett frå dansk til nynorsk av Ingvild Hovik. Og som sist er boka ein fest å lese: pikant, grotesk underhaldande, festleg og smart!

Vi får møte ei verd der mennene ikkje er frittgåande. Dei er trygt forvara i avlssenter langt frå menneske (kvinner). I denne boka endrar noko seg frå førre roman – sjølv om matriarkatets tidsalder rår forsvinn noko av den kollektive forståinga for kvifor mennene måtte sperras inne og leve avskilte frå resten av menneska. 

Vi møter kvinnene Purr og Wendy. Båe vil redde ein hann ut frå senteret. Purr for å vere besteven med Wendy og Wendy for å pare seg med han – han som skal vere bror hennar. Vi følgjer gjennom heile boka urkvinna Inga som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same. Ho har sansa kva som er i ferd med å skje. Medan endå eit til av liva hennar ebbar ut prøver ho å få stansa Wendy og Purr før samfunnet bryt saman. 

Eg opplevde boka spennande heile vegen. Språket er levande og truverdig. Sjølv det mest absurde opplevast som sanninga synst eg. Godt at eg framleis har føtene på jorda(!) og kan sjå noko mellom himmel og helvete. Eg ser ei jord der vi framleis lev saman etter beste evne. Kvinner og menn.

I boka skildrast problem som var «før»- altså i vår tid – med menn som gjorde valdtekt osb. Kanskje kan boka funke som skrekk og åtvaring mot uønskt, skadeleg åtferd mot andre og dere om ein mellombels løysning der det finst plass til heile mennesket av båe kjønn?

Eg las med lyst og glede. Eg skimta alle slags menneskelege problem og etiske dilemma samstundes i eit presist skråblikk. Eg vart vantru og leika meg i ironi og det overdrivne, eg smilte og eg lukka auga om kvarande. Frå drøym til verkelegheit: eg set terningkast 5 pluss signert med stjerner i auga mine. God leselyst!

Legg igjen en kommentar