Eg har lese Maren Uthaug 11 % (Samlaget 2023), ei bok som verkeleg tok pusten frå meg! Ho er pikant, groteskt, underhaldande, smart og festleg. Romanen er omsett frå dansk av Ingvild Holvik. Boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget.
Romanen er satt til fram i tid, med eit fast, solid godt grep: Uthaug har ikkje skrive inn høgteknologi med fleire sosiale media eller betre internett, smarte oppfinningar. Det er menneska som er forandra! Og oppfatninga av kva som er menneske. Det eine kjønnet er gjort til eit minimum. Det er ei ny tid.
Tida er utan menn. Det er berre ein liten prosentdel menn som er i verda no. Det er dei som trengst for at menneske skal kunne overleve som bestand. Dei vert forvara i eit avlssenter – Sentera. Mennene er særs høgt frykta.
Kvardagen fungerer på sett og vis, han går sin vante gang, vi får møte gamle koner og korleis dei lever liva saman trass utfordringer. Vi vert med i ein hekseheim fyrst, og i neste kast til eit hus der mellom anna presten Wicca bur. Medea, fyrste vi vert kjend med, brukar å lage kjærleikskaker med ekte blod i. Dei vert brukte av mannedamer i Gata – ein stad menneske kan kjøpe seksuelle tenester av nokre med påsydde penisar. Medea kjempar også for at mennene i Sentera skal ha meir ålreite levekår.
Når ein gut dukkar opp heime med Eldste, Medea og Stille, vert verda rokka ved. Kvinnene freistar å beskytte han, men dei er også redde. Det er noko anna å kjempe for rettane inne i Sentera, der mannen blir haldt i sjakk, under fysisk kontroll. Fritt ikring er annleis, vilt skremmande! De fyrste barneåra, går kanskje. Han er liten. Vert livet større forandra, med alderen hans? I kva alder inneheld han ein så utprega andel testetoron at han vert eit skikkeleg trugsmål?
Testosteron gjer menneske farlege. Penis handlar mennene blindt etter. Kanskje peikar penis ned, når han ikkje får finnast? Det var berre ei sprø tanke frå mi side no medan eg koser meg med å skrive om boka. Det er ord som krigsherre, drapsmann og valdtektsmann – at dei ikkje finnast i feminin form – som stadfestar forskjellen på menneske (som inneforstått er kvinnene) og mannfolk. Det er ein avgjerande, farleg forskjell. «Fare, fare krigsmann døden skal du lide» – ei gammal strofe frå ein barnesong (Bro bro brille) dukka opp i hovudet mitt.
Dette er ein tidsalder som grip tak i heile religionshistoria, flyttar dei fjella vi kanskje har teke for gitt – om ein fyrst trur noko ikring den kristne religionen. Her seier ein at Gud ikkje kunne vore mann. Han må ha vore kvinne for å kunne gi oss Jesus. Heile skaparhistoria har her skrive seg om.
Fire kvinneliv vert dels motvillig vikla inn i kvarandre. Eg snor meg mellom, nesten som slangane som også er med i boka, og eg ser rottene. Eg vert vill i fantasien. Kan eg vere rottesnok og ete opp kontorrotte-versjonen av meg sjølv, for å flytte meg ut i røynda, kanskje på Sentera eller Gata til og med, shoppe menn liksom? Eg ler litt av tanken, men sånn biletleg sett – sat på spissen. Ein må kanskje ut og oppleve heile denne merkelege, store verda – om ho finst eller ei – ut frå skuggane, eg må opp i lyset med meg sjølv. Eg opnar for tema som eg til vanleg tiar om, ting vi menneske ofte skammar oss ikring.
Dette var stort, opplivande leselys for meg. Munnen min formar ein måpande O og handa mi legg terningen fast og sterkt på bordet med fem auge opp. Vil du med sjå denne forteljinga?
