bokanmeldse

Påfallande påhitt

Eg ler mellom låra, eg har i fanget mitt boka som bringa den låtten fram, ho heiter Påfuglen som trakka i møtematen og er skriven av Jon Hjørnevik (Samlaget 2021). Boka mi har eg fått som eit lesareksemplar frå forlaget. 

Ho er ei diktsamling som rimar. Ho fortel om dei sju dødssyndene på ein humoristisk måte. Samlinga tar ingenting høgtideleg, og det som er høgtideleg i utgangspunktet er først morosamt når det går litt til helvete for oss. Det syner boka meg, og får meg somme tider til å småle. Eg undrar på kva menneska rundt meg tenkjer, mens eg smiler og tenkjer eg veit noko dei ikkje ein gong streifar borti med tankane sine. 

Dikta er humor på høgt plan, tankar over ein lav sko. Eg snublar på høge hælar. Eg gjer meg klar til kvardagens fest. Eg les parodi på Terje Vigen, som er blitt til eit seksuelt dikt her. Boka er vågal, men aldri skjems eg når eg les ho. Hjørnevik evner å balansere humoren adekvat. 

Forfattaren evnar også å setje ord på emne som er viktige for oss. Slik eg opplever det. I liva våre. Kjærleik, arbeid. Og kva det gjer med oss, når dei tinga går i dass – eller går godt. Eg vil gå god for denne diktsamlinga og ta ho fram når eg vil senke skuldra og ønskjer å smile litt ekstra. 

Eg gir frå meg ein svært sterk femmar på terningen til denne diktsamlinga. Eg vil også sjekke ut andre bøker frå forfattaren, til dømes kanskje diktsamlingane «Shortsen til far min» og «Ikkje alle gjorde motstand under krigen». Denne leseopplevinga gav meg sjelefred med det vulgære og laussleppte. Eg klappar meg nøgd på magen. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s