Eg har lese boka Fugletribunalet av Agnes Ravatn (Samlaget 2013). Eg hugsar eg las om ho på Internett då ho utkom, eg hugsar eg festa meg ved tittelen. Boka var mykje omtalt, og fekk også P2-lyttarenes romanpris og ungdommens kritikerpris (2013). Eg var på sjukehuset då og hadde ikkje alltid overskot, men eg likte tittelen. Eg var så glad i fuglar eg, ville flyge, samstundes som eg var i bur, trengte å vere der. No las eg romanen om fugletribunalet heilt fri, heime hos meg sjølv. Det var ei svevande og dirrande oppleving. Eg fløy med orda, fryda meg – og eg trur eg skalv.
Romanen er om to personar som har trekt seg tilbake frå samfunnet. NRK-kjendis Allis Hagtorn rømmer frå ei skandale og freistar byggje seg opp att i eit arbeid hos Sigurd Bagge. Han søkjer etter ein person som kan ordne hagen hans, medan kona er borte. Allis får arbeidet, der ho trur ho finn ly som hushjelp og gartnar ved fjorden. Men forholdet til Sigurd Bagge blir ikkje rakt fram, og vi får fort sjå at heller ikkje det enkle livet, treng å vere enkelt.
Det er skam, løyndomar, draum, svik, kjærleik. Om å prøve å starte livet på nytt. Går det an? Eg vil ikkje røpe meir her, det var så stort for meg å finne svara sjølv i den vesle romanen, så det unner eg andre lesarar også å få gjere. Terningkast 5 pluss.
