bokanmeldse · skriving

Skrive(feil?)psykologi

Sjølv om eg har diagnosar, har eg friske trekk ved meg eg også. Og ei av dei friske interessene mine, feira eg då eg nyleg fylte år. Eg fekk av fleire venninner bøker i gåve, og den eg ynskte meg mest, var ei som er skriven på nynorsk, som er målforma eg sjølv kosar meg med å skrive litt på for tida. 

Eg har no lese ho, ei sakprosa-bok av forfattar Kristin Fridtun, som verkeleg greip tak i meg og skjerpa fokuset, fekk meg nyfiken og faktisk grunnleggjande munter. Ho heiter Kunsten å irritera seg over skrivefeil (Det Norske Samlaget 2021) og eg gler meg til å fortelje litt om ho no.  

Boka er mykje psykologi, men ho er ikkje til for å skildre sjukdom men for at me kan evne å forstå menneske. Og det gav meg tru på meg sjølv, og alt eg brenn for! Eg vil forstå. Og berre så det er sagt, eg brenn ikkje bøker, eg set dei øvst på hylla. Denne boka, vil få ein spesiell plass, med faglig tyngde og personlege innspel frå ein forfattar eg liker skrivestilen til.  

Dette er stutt og godt skriven ei bok som utforskar kva vi reagerer på når vi opplev skrivefeil, i all slags kommunikasjon. Nokre gir blaffen, blir sinna, nokre tek ikkje dei som skriv skrivefeil seriøst. Nokre får kløe, nesten som ein allergi. På meg, klør det i stadet i fingra – etter å lære meir nynorsk! 

Fridtun brukar faglitteratur, kommentarfelt i media, psykologar og ho spør ut dei irriterte språkbrukarane for å få greie på kva som skjer i hjernen når vi støyter på skrivefeil og korfor vi verte irriterte, om vi blir det. Fridtuns utgreiing viser fram at personlegdom har ein del å seie for kva måte vi taklar skrivefeil på. Ho gir også mykje av seg sjølv i boka, og dei som slit med at dei irriterer seg for mykje, kan sjå at det er mogeleg å få bukt med noko. Kanskje gir det meir leseglede? spør eg i håp for medmenneske, for då kanskje fleire kan vere lukkelege som eg kjenner meg somme tider når eg les eller skriv. 

Eg blei meir merksam på eigne personlegdomstrekk og også på fenomen innanfor skrivereglar gjennom denne boka, som til dømes skilnaden på særskrivingsfeil og orddelingsfeil (det er ikkje det same, og nokre seier orddelingsfeil om det som eigentleg er særskrivingsfeil), at ein ikkje skal skrive hvis på nynorsk men vissog debatten rundt splittinfinitiv osb. Spesielt interessant var det for meg også å lese om arbeidet redaktørane, språkvaskarane og korrekturlesarane gjer med skrivefeil og språk før ei bok er ferdig til publisering. 

Dette er ei frisk bok, om noko i hjernen, kjensla våre og veremåten vår på ein gong. Sjeldan har eg kjend meg friskare og meir akseptert når eg les psykologi enn då eg satt med denne boka mellom hendene. Her er eg på rett hylle, som audmyk interessert i å lære om menneske og korleis vi uttrykkjer oss. Om eg ein gong skulle utvikle ein allergi, vonar eg det ikkje er mot litteratur som dette. Terningkast sterk femmar. 

Leseverdig kunst, vil eg seie.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s