bokanmeldse

Ein klasse for seg sjølv (eg blei med på reise)

Eg har lese Til fyret av Virginia Wolf (Skald 2021). Eg liker å dukke ned i klassiske romanar i ny og ned, og då eg oppdaga at denne boka for fyrste gong var utkomen på nynorsk, kasta eg meg med en enorm glede ut i lesehavet no, la på svømm eg, mot fyret slik det lyser. Boka har eg fått som eit lesareksemplar frå forlaget og ho inngår i serien Skalds klassikarar.

Originaltittelen er To the Lighthouse (1927). Omsettinga i denne utgåva er av Brit Bildøen. Språket er detaljert, rikt og rytmen til Wolf gjer boka spesiell. Boka er delt i tre delar: I vindauget, Tida går og Fyret. I fyrste del er det mange røster vi får sjå, i del to er det meir stille. Der bur døden, berre vinden leikar med det falleferdige tapetet osb. Naturen lever, mens huset faller frå kvarandre. Så, i del tre, Fyret, tar kvardagslivet til att, vi møter menneska som framleis er i live.

Handlinga: Familien Ramsay er på ferie på øya Skye. Sonen James, vil ut til fyret. Turen blir stadig utsett, faren verkar sint og bestemt, vanskeleg å blidgjere. Han er poet, vi finn han med bøker, og er tidvis svært redd for å ikkje vere bra nok, at litteraturen hans ikkje vil stå seg. Frykta er skildra slik at eg får sympati, samtidig som boka syner korleis andre oppfattar til dømes det at dei ikkje får dra til fyret, neste dag. Boka bølgjer mellom dei ulike karakterane, syner ikkje berre eit perspektiv men historia kjem frå alle vinklar. Ferien deira blir mi fyrste reise inn i Wolfs forfattarskap. Han etterlet meg eit rikt fotoalbum, i tankeverksemda mi.

Romanen er intens, enno det er triviliateter som fyrst synes frem. Det vesle i livet, detaljane, blir også særleg stor litteratur. Tankar, innfall, inntrykk og kjensler spilles ut – og det til det fulle – over eit bakteppe med mellommenneskelege forhold, kjærleik og daud og ein særskild interessant skildring av oppvekst og vaksenliv. Eg veks av å lese denne romanen. Terningkast: 6.

Legg igjen en kommentar