bokanmeldse

Ut av reiret 

Eg har lese Darwins sporvar av Marit Kaldhol (Samlaget 2012). Boka er ein liten roman om ei vaksen dotter og mora hennar, når mora ligg sjuk og skal døy.

Dei to kvinnene har noko usnakka. Mora forlét dottera, Sally, då ho var 13 år gamal. Romanen er skriven i kursiv på sidene mora sine tankar og livsforteljing kjem fram, og i normal skrift der vi høyrer dotteras historie og kva ho tenker om mora og døden som ligg der som eit laken framfor ho.

Sally minst tida då ho var lita og mora reiste rundt med teaterframsyning, dei budde på hotell, mora var sliten, dei somme tider las i ordboka, om ho orka, fann ord saman. I bilen, leikte Sally med sytråd og puslespillbiter, sette livet sitt midlertidig saman, helt det i hop?

Historiene vever seg i kvarandre, er dei same og samstundes forskjellige. Eg kjenner meg heldig som fikk sjå to sider, mellom permane, to menneske, og kva dei berer av bagasje, også når ein ligg heilt nede.

Eg veit ikkje om det er rom for tilgiving. Eller om ein berre må godta det som har vore, og akseptere at ein kjenner det som vanskeleg og vondt.

Samstundes ser eg det fine i menneske, med at vi kan klare så mykje, utvikle oss også sjølv når vilkåra for vekst kan synest å mangle. Ein glad utviklingsteori, leikar i hovudet mitt og eg vonar Sally får ete frå det beste bordet og flyge rundt som sporvar gjer, her, ute av reiret, også når mora snart aldri kan få vere meir.

Boka er skrive med spennande ord, somme tider brukt annleis enn ein er vant med. Det gir ein ekstra dimensjon til historia og gjer ho til ein oppleving. Det er kanskje ikkje den mest publikumsvennlege boka til Kaldhol, i følge henne sjølv òg, men eg liker noko ved skrivestilen og forma også i ho. Sterk firer frå meg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s