bokanmeldse

Kvit(t) og dobbelt 

Eg har lese Songbok for hesten av Arne Ruset (Solum Bokvennen 2017). Det er ein roman om det mørke og det lyse, det sjuke og det friske, det å vere annleis i verda ein deler med dei andre. 

Hovudpersonen, eg-forteljaren, i denne soga, er diagnostisert sinnsjuk og handsamast deretter. Han heiter Haugmann og er også epledyrkar, elskar hesten sin Lykke, klemmer på trea sine. 

Problema hans, tek utspring i det eine øyret. Han er født med ein misdanning og har høyreapparat, som ikkje funkar tilsikta men tek inn ljodar frå andre stader, som stemme til J.F. Kennedy, den kritiserande broren hans Karstein når han er på arbeide inne i byen og friidrettsstjerna Tamara Press. Haugmann kallar øyret for fjernøyret sitt. 

Boka skildrar Haugmann sitt liv, både sjukt og friskt, frå sekstitalet og nokre tiår framover, der han held til på Nordvestlandet. Boka fortel om livet på sinnssjukehus som tvangsinnlagt og livet heime, meir om hesten han lagar songar til, broren som freistar passe på han (han kan verke litt streng, kan kjennest som han behandlar han som mindreverdig for hovudpersonen sjølv, men eigentleg er han nok berre glad i broren sin, han me), ein poet som er pleiar, politiet i bygda, naboane hans, jamgamlingar, og fleire me. 

Boka er ei bygdekrønike, eit menneskeportrett og ei sjukdomshistorie, det er tunge tankar og friske frampeik. Ho er eit eventyr frå det dunkle. Ho blir utspring for ein eld som tennast i meg, der ein kanskje trur folk er kjenslekalde og ikkje interesserer seg for dei som slit, kjem varma blussande opp. Ho er ei bok om korleis menneskeliv påverkar kvarandre, også om ein er ulike i veremåte, frisk som sjuk. 

Ruset skriv vakkert og mjukt om det stygge og harde. Eg vil driste meg til å seie til helse-Noreg, politi og psykiatri: Les boka! Du vil verte klok, og takksam vil eg tru, for denne heilt unike innsikta i menneskesinn. Mjuk som ein mule smilar eg, sjølv om eg er prega og eg også kjende salt i såra, ho er ikkje ei lett skuring temamessig, men ho er verdt det – no kan eg slikke meg, om munnen, syngje ut, eg ler av ordspela mine no, sånne som dukkar opp når eg les litteratur med meining i. 

Terningkast: Fem pluss. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s