Eg har lese ei lita bok med dikt som både er ein stemningsrapport og forteljar ei historie. Ho er skriven av Christine Kjellstrøm Melby (Samlaget 2021). Dette er forfattaren sin fyrste bok, som eg fekk anbefalt med tanke på skrivinga mi eg har gåande no mens eg går på forfattarskule.
Ho er ei samling tekster som retter seg til eit du. Du er ho vi blir kjende med. Ho lever i mørket, kulda, djupet, har jordfeste med ein vinterdepresjon. Det er ei sjukdomsforteljing og portrett av ei sinnsliding, samstundes ein allmennmenneskeleg formidling av notida. Vi får eit levande bilete på einsemda i ein vinterdepresjon.
Dikta fortel om denne du, som går i oppløysning. Er ho til å kjenne att, for seg sjølv, for dei rundt, er ho ei anna no? Det er godt å lese denne tilstandsrapporten og forteljinga, som kjem i ei handterleg og gripbar form, fordi ho får fram kjenslene slik at eg ønskjer å kjenne dem. I ho og i meg vil eg føle, kan vi på den måten dele erfaringar, sjølv om vi har ulike liv? Eg trur på at menneske har noko å gje til kvarandre, også når vi har det så vondt at vi ikkje kjenner att livet, og liknar skuggar av oss sjølve.
Naturen har ei stor rolle i boka. Han er sceneteppet vil eg seie. Og ei slags von, der naturen går sin gang. Ekorna som samlar på alt, og er dei som plantar mest tre. Dei gløymer kor dei gøymer nøttene sine, som blir liggande under jorda til dei spirer og kjem opp i dagen, i lyset, til oss. Vert vi lysare og, når det spirer grønt? Det håpar og trur eg.
Eg trur også på denne boka, det som er skrive og formidla til oss. Eg lærar noko, blir opplyst, og kjenner samtidig at det er truverdig, realistisk og heilskapleg gjennomført. Det er eit presist og poetisk språk på same tid. Bileta er nye og annleis. Dei syner seg for meg som små openbaringar, og eg forstår no: Slik kan ein vinterdepresjon vere. Det er formidla nedpå og nært, går ikkje over hovudet på meg som lesar. Opplysning om ein tilstand som vinterdepresjon, kan gjere folk meir medvitne, og vi kan hjelpe kvarandre med å helde lyset oppe. Ho høyrer til oss, ein å vere i verda med. Takk for stemma du gav henne, Melby. Eg vil lyssetje ho. Terningkast 5.
