bokanmeldse

Inkludert (eg òg)

Eg har lese ein roman eg tenkjer er litt feel-good, og i lys av han kjenner eg meg bra! Boka heiter Alt inkludert, og er skriven av Marit Eikemo (Samlaget 2015, pocket 2018).

Alt inkludert er ei lett, skarp og morosam bok, om tida vi lever i, der ein stadig må ha alt på stell, også materielt. Agnes og dottera Maja som snart byrjar på skulen, flyttar inn i eit hybelhus i ein by i Noreg, eit såkalla vanleg norsk nabolag. Men hybelhuset tenkjer alle på som for studentar, og dei nye naboane hennar spør underforstått Agnes kvifor ho bur der.

Men det er ikkje alt dei set spørjeteikn ved. Då ho kom, trudde ho leilegheita var delvis møblert. Ho var tom. For å stanse spørsmåla til dei som ser leilegheita, diktar ho opp ei historie om at flyttelasset var stole av Austeuropearar. Sjølv byrjar ho å leite på Finn medan dottera speler på Nintendo DS eller er på leikeplassen, eller under vengane til dei nye naboane. Den kvite lygna veks opp som ei løvetann.

Persongalleriet er spennande og ein heil blomebukett av ulike slags liv vil eg seie. Nokre visner, som forfattaren oppe på «kvisten» som har kreft utan å gå til lege. Andre heng med hovudet og andre igjen spring kanskje ut – som ein juss-student som plutseleg byrjar å faktisk studere att.

Eg tenkjer på Maja som ein knopp. Med knoppar kan alt skje. Løysninga eg føler kjem litt på slutten når mora tar eit val, er open men eg smiler når eg lukkar att boka, sjølv om ein ikkje har garantiar for noko her i livet, det er liksom med glimt i auga på alle desse menneska, særskild Agnes og Maja i sluttscena. Det er med von på framtida eg no sit her. Marit Eikemo sitt blikk på samfunnet er kritisk, treffande og morosamt. Reine kinderegget! Språket er lekande, lett og presist.

Når det er sagt, er det nok ei bok som er annleis enn dei eg brukar å lese i. Eg vel meg ofte ting som gir meg noko anna på det språklege planet, og kanskje også ein ofte tristare eller vondare tematikk.

Men denne boka, gav meg noko dei bøkene ikkje gir. Ho gav meg eit samtaletema som falt veldig lett i god jord! Då eg gjekk min daglege tur medan eg las ho, snakka eg i sikkert eit kvarter om karakterane, til dømes bloggaren Agnes treff, bustadsproblematikk, dei morosame Finn-søka som til dømes gir ho både ein sovesofa og ein politimann, mammarolla og så bortetter. Boka gav meg noko andre folk kunne relatere til, som dei hang med på og humra av, og mi røst fekk til å passe inn i mellommenneskelege ting eg sjølv veit lite om. Eg gir boka som fekk meg til å bli inkludert i kvardagsleg prat ein femmar, av dei grunnane eg har referert og reflektert rundt her.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s