bokanmeldse

Absolute Music 

Eg har lese Musikk for folk i trøbbel av Ingelin Westeren (Samlaget 2022). Eg oppdaga boka mykje grunna omslaget med knappar frå ein musikkspelar. Tittelen er henta frå Susanne Sundførs song på engelsk, og gjennom heile romanen høyrer hovudpersonen på henne, musikken hennar, og vi får setningar serverte rakt frå songmelodiane. Boka har eg fått som lesareksemplar frå forlaget. 

Ida går på NAV. Mora hennar flyttar på hospits med 15 pappesker og nokre søppelsekkar, ho har gått ut og inn av sosialkontoret så lenge Ida kan minnast og eig lite. Det er heller ikkje så sosialt berekraftig med sosialkontoret, det er ikkje der ein får hjelpa som gir eit stabilt liv. 

Ida har ikkje fullført vidaregåande skule. Ida har ikkje hatt meir enn tjue dagar i det ordinære arbeidslivet. NAV freistar ho ut i praksisar ho mislykkast i. Samtidig freistar ho å klare seg godt sjølv, i ein kommunal leilegheit i Groruddalen. 

Bestevenninna Ragna er gravid. Ida vert redd, blir ho åleine no? Vil Ragna miste tida til henne? I stadet er det Ragna som mister seg sjølv, og vert redd ho ikkje greier å vere mor, vil ho skade barnet?  

Ida møter ikkje berre sin eigen vegg. Ho møter forventningar ho ikkje kan innfri overalt. Ho blir dregen inn i fortida, til midlertidige rom hos midlertidige fedrar. Ho slit med kjenslene rundt mora og bestemora, sår som blør når tankane pirkar i dei. 

Hos psykologen, sett ho ord på ting. Livet får ei anna oppatt-stigande låt, gradvis crescendo. Psykologen hjelper henne i gang med skule, ho kjem i praksis utan å berre vere utsendt av NAV, ho får seg ein katt ho kallar opp etter ein artist ho likte, St. Thomas. Katten Tomine og ein flyktning frå Afghanistan ho treff får fram nye kjensler, andre kvardagsminner å leve med. Ida hjelper Ragna i hennar tyngde. Ida tek òg hand om ein nabo som ikkje har andre pårørande, ho vert valt til næraste. Eg får sjå kor viktige enkeltmenneske er. 

Romanen er eit bilete på fleire samfunnsproblem, men eg opplev han kanskje enda meir som eit bilete på menneska bak problema. Dei har mange tonar, spelar på fleire strenger og spennet er frå moll til lysaste dur. Det er skalaer som sprengast og det er djupe kjensler som treffast. Boka er som ein pianokonsert i variasjonar; pianissimo til forte! Konserten blir på ein måte teksta som ein spelefilm av orda i boka, tankane til Ida, dialogane mellom personane. Orda gir forklaringar til det tonesette livet, i vanskelege tider og i betre tider.  

Livet er ikkje berre søt musikk. Men det er heller ikkje berre trist blues. Samfunnet kan virke kaldt, men sjølv NAV har varme – somme tider. Boka syner alt dette. Språket er lett å lese, lett å forstå, bileta er relevante og musikkreferansane slåande. Alt i alt ein velkomponert, aktuell samtidsroman. Terningkast: fem.  

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s