bokanmeldse

I krig og kjærleik, og i kampen for tilværet

Eg har lese Dei som flyktar og dei som blir, den tredje boka i Napoli-kvartetten frå Elena Ferrante (Samlaget 2016).

Dei to jentene Elena og Lila har no blitt kvinner, bokas tidsepoke kallast for mellomår. Romanen dreier seg om kvinnene Elena og Lila og livet deira i Italia på 70-talet. Boka rommer livene deira på alle områder og også nasjonen Italia; landets gjennomgripende endringar på denne tida. 1970 var eit tiår prega av klassereiser, arbeiderkamp og kvinnefrigjering. Verda er i dramatisk endring og vi får eit byportrett, familiebilete og nyheitsreferat frå eit Italia der kvinner blir undertrykt på fabrikker, der studentar demonstrerer, fascistane finst og der personlege problemer kjem til syne, i mange former.

Meir om hovudpersonene: Elena giftar seg med ein akademiker og ho vert mor til to døtre, i Firenze. Lila kjempar for å overleve som fabrikkarbeidar, og tek opp kampen for betre arbeidsvilkår og meir demokrati for kvinner i fabrikkene. Både Elena og Lila drøymde om å komme unna livet i bydelen, men no når Elena har greid det, vil ho likevel ha Lila sitt liv, som om det er noko ved henne som ho vil vere.

I denne boka, litt til skilnad frå dei to førre, kjem vi tettare på Elana og ikkje fullt så mykje venninna, som vekslar mellom å vere brilliant men også til tider sjuk og også ondsinna. No kjenner eg at eg kjem under huden på Elena. Eg får sjølv gåsehud.

 Vi vert med på Elena si forelsking i guten frå barndommen om att, Nino. Vi får først sjå ekteskap (med akademikaren) som vert til, friske barna som veks til, og så sjå forhalda briste. Eg får ei kjensle av kor sterk gamal kjærleik kan vere, ei kjensle eg ikkje har eigentleg erfaring med. (Kanskje difor, elskar eg å lese! Det gir meg emosjonserfaring.) Eg får også ei skummel forståing av kor sårbare menneske erm kor lett ein kan øydeleggje relasjonene til kvarandre. Er det rart det blir krigar?

Og krigar er det i romanen. I alle fall i form av demonstrasjoner, og fleire drap. Eg vert redd i mi eiga seng, redd for verdsbilete eg les korrekturene av. For sånn er det, også i dag, og Ferrante skriv og skildrar på ein måte som gjer at eg virkeleg trur på det eg les. Det gjer at eg kjenner teksten er verdifull å bruke tid på, samstundes som eg vil pakke meg sjølv betre inn i pleddet, verne meg sjølv mot alt som er farleg og gjer vondt. Mot kvarandre, og i oss sjølv når vi freistar halde oss oppreiste. Og det vil eg, eg vil kjempe, når eg les dette. Kjempe for litteratur, for familie, for venskap og kjærleik. Denne boka er og om eit eit vennskap med kjærleik og hat, beundring og sjalusi. Eit venskap dei to ikkje virker å kunne fri seg frå. Er det verdt det?

Eg gler meg til å lese fjerde bok, eg er spent på korleis det går med Elena og Nino. Er den kjærleiken no laga til døden skiller? Og vil dei to venninnene kunne vere venninner då? Eller er det no slutt, for det eine eller det andre? Eg gir også denne bok tre ein femmar, ein særskilt sterk ein. Eg er no riven med i Napoli-kvartetten. Eg vonar eg ikkje rivast i fillebiter.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s