bokanmeldse

For betre tider 

Eg las nyleg Kvar dag skal vi vere så modige av Brynjulf Jung Tjønn. No har eg sjekka ut ei ungdomsbok skriven av han, med noko av same tematikk. Smadra (Flamme forlag 2018) er tittelen, og boka vart nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok.

Eg gjorde noko
eg sjeldan gjer: Eg høyrde ho som lydbok (Flamme forlag 2019). Det vart ein ålreit oppleving, og eg kom nære eg-personen, med jentestemme snakka ho liksom naturleg til meg, rett frå hjartet og tankeverksemdheita hennar, som om ho verkeleg var Oda.

Oda fell av sykkelen – igjen! Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. Ho skal ikkje sykle meir. Ho har så dårleg balanse, men no har ho falt av sykkelen for siste gong. Det er historia Oda fortel dei som spør om såra i andletet, og blåmerkene. Milad, bestevenen, spør ofte, om kor ho datt til dømes. Oda diktar, men er glad når samtaletemaet blir noko ana, som når Milad fortel om krigen han og familien flykta frå. Ho sjølv har ikkje nokon ordentleg grunn til å ha det vanskeleg. Eller har ho det? Både Oda og mora veit at historia, som faren og alle andre trur er røynda, ikkje er sanninga i det heile.

Den sanne historia er ein tagnad. Faren veit ikkje sanninga, læraren veit ikkje, Milad veit ikkje. Men så slår mora ein dag faren, og gradvis syner kva som eigentleg hendar, historia får ein anna stemme. Kan ho forteljast no?

Brynjulf Jung Tjønn går rakt på sak, sjølv om det er eit tema mange er varsame med og redde for å røre ved. Boka tek for seg forhaldet mellom barn og forelder, der forhaldet er skakt og vondt og ikkje syner foreldre slik foreldre skal vere for barna sine. Tjønn verker ikkje redd for å løfte opp ubehaget til overflata. Men han evner likevel å respektere og å sjå det vonde, og anerkjenne barnets kjensler: Alt dette vanskelege, vonde, såre. Redsla for å vere feil, kampen for å skjule det vonde som skjer heime, freistinga på å beskytte mora – ho som i stadet skulle beskytta Oda.

Det er ikkje ei lang bok, enda ho rekkjer over eit veldig stort, komplekst tema. Lydboka er på 1 time og 19 minuttar. Ho er intens, sterk og viktig. Ho vil vare lenge i hovudet mitt. Språket er godt, Oda formidlast presist og levande, sikkert og usikkert, så eg ser for meg korleis ho tenkjer og kjenner. Eg får også eit realistisk bilete av vennen hennar Milad.

Smadra er ei bok som er vond å høyre på, men som gjer godt samstundes – den våger å stå saman med den som har det vondt. Den er om å ville gjere godt. Det er ei bok med ei historie fortalt for ungdom, men som absolutt bør lesast av vaksne også. Det er så mykje vi vaksne ikkje ser når eit barn ikkje tillèt seg å fortelje eller lever under forhald der det ikkje kjenst trygt å seie ifrå. Ein tankevekkjar eg vonar vil forbetre framtida for mange familiar. Ein god femmar på terningen.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s