bokanmeldse

Dødsforelska

Eg har lese ein liten, vever og vakker ungdomsroman. Han heiter Så vakker du er og er skriven av Brynjulf Jung Tjønn (Cappelen Damm 2013). 

Henrik er ferdig med tiande klasse på skulen. Han tenkjer mykje på Kjersti, som er på sommarferie i Italia. Ho et pizza og pasta kvar dag og har det fantastisk, ho skriv ho ikkje vil heim igjen. 

Heime er Henrik, det tenkjer han på når han ser på Facebook at ho ikkje vil tilbake til Noreg. Vil ho ikkje sjå han meir, tenkjer ikkje henne på han? 

Onkelen til Henrik, Simon, er sjuk. Han er så sjuk at han liknar eit skjelett. Han har endra seg, sjølv om han framleis er onkelen til Henrik. Sånn er det når nokon må døy, det kjende kan verte ukjent, også menneska. Men augneblinka dei har, er framleis viktige. Så viktige at Henrik fortel om Kjersti, både heime saman med Simon og når Simon er på sjukehuset. Simon vil vite kva det smakar: å kysse Kjersti. 

Henrik sin mor vert også forandra. Som om ho druknar i det vonde, gløymer å ete og vert tynnare ho og. Livet blir tynnslite, renn bort som ei elv. Håp som døyr. Og andre håp, som skal få leve, dette vakre – ho vakre. Kjersti, som kysser og smakar Kjersti. 

Brynjulf Jung Tjønn brukar korte setningar i boka, som er skriven for ungdommar. Setningane er poetiske, vakre og vonde bilete. Eg blar meg fram i «bokstavalbumet», til ein ny dag i livet som skal fortsetje, med eller utan nokon ein er glad i. På terningen, gir eg boka ein finkjensla femmar. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s