bokanmeldse

Sjølvstyrkande røyndomsinnblikk 

Eg har lese Sjølvmordsforsøket Livet før og etter av Oddvar Vignes (Samlaget 2022, lesareksemplar frå forlaget).

Nokre bøker er tunge å lese. Eg trudde kanskje Sjølvmordsforsøket skulle vere mørk og tung. Men boka var ein lys oppleving for meg, nett fordi ho er skriven med sjølvinnsikt og mot til å ville – både til å døy og til å leve. Heldigvis er enda på historia, som gjer historia mogeleg, å velje livet.

Boka er Oddvar sin forteljing om oppveksten på Finnøy, ungdomstida, å hamne i eit vanskeleg føre utan å heilt vite kva som er gale og sjølve sjølvmordsforsøket. Men det er også ei forteljing tilbake til det beste i livet, og å stå i livet sitt også når det verker mørkt og håplaust. Om prisen det kostar, og at det likevel er verdt det – livet sjølv er verdt det. Det er ikkje verdt å døy.

Oddvar har fått seg utdanning, eigen familie og er gardbrukar. På ein måte kan ein seie eg har lese ei solskinshistorie no. Men ho er så mykje meir. Ho er eit realistisk, nyansert bilete på ein alvorleg tilstand, og ei avgjerd som ikkje kan gjerest om viss man lukkast i sjølvmordsforsøk.

Eg har ikkje lyst til å setje terningkast denne gongen, det kjenst som å kome til kort i noko som ein bør verdsette på anna måte enn med eit tal. Eg vonar orda mine kan telje mer med. Boka er velskriven, balansert og lett å forstå. Det som kan verke uforståeleg for dei som ikkje har vore i hans situasjon, gjer han tilgjengeleg. Sjølvskriven på ein rekkje leselister tenkjer eg: Stutt sagt ei bok som kan vere nyttig å lese både for personar som slit, pårørande og helsepersonell – mest av alt medmenneske.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s