bokanmeldse

Eg trur hjartet mitt slo sju slag ekstra no 

Eg har lese Kvit, norsk mann (dikt) av Brynjulf Jung Tjønn (Cappelen Damm 2022, lesareksemplar frå forlaget). Det er ei unik diktbok om eit liv som adoptert, ei bok om drøymer og om livet, slik det vart i møte med ei norsk røynd. 

Dikta er delt inn i sju kapittel, med talets namn som tittel. Kvar del både treff meg i magen og får meg til å slå eit slag for dei som er annleis, for at dei ikkje skal kjenne seg så annleis. Og eg kan, med handa på hjartet, seie at eg hugsar også på noko frå eg var lita, som fekk meg til å kjenne meg utanfor. Ho var jo ikkje noko som kunne sjåast på meg, mi annleisheit, og det gjorde at eg ønskja å sjå annleis ut: Eg ville vere kortare. Eg ville ha mørkt hår. Eg freista snakke eit anna språk på butikken. Det syner kor mykje vi menneske trengjer å forstå oss sjølve, for å kjenne at vi er gode nok, og høyrer til.  

Brynjulf Jung Tjønn sine beskrivingar er så sterke at eg skvett i stolen. Samstundes, fell eg ikkje av. Eg vil nemleg høyre det han har å seie. Det han har erfart av menneske som ikkje er adoptert, menneske som er fødde i Noreg, i hovudsak av norske foreldre. Kva for dumheiter vi har servert. Og eg frydar meg over spørsmåla han evnar å gje tilbake i dag. Som om «vi» hadde laks symjande i dei blå auga våre. Eg smiler, vert ein gladlaks eg! For så godt det er å få det svart på kvitt, alt det rare vi lirer av oss somme tider, så vi kan sjå det absurde – og lære oss å kommunisere på ein smartare, meir ivaretakande måte. Vi blir tatt på kornet, vi som er uvitande eller fordomsfulle – eg trur kanskje ikkje eg er dei, men eg har nok også tenkt «eigentleg» om kor nokon kjem frå, når eg undrar på det, sjølv om dei til dømes bur ein stad i nærleiken av hovudstaden, som eg gjorde. 

Eg set meg betre til rette og vil lese heile boka ein gong til. Eg treng menneske som Brynjulf Jung Tjønn, eg kjenner på likskap og å verte inkludert sjølv om vi lev kvar våre heilt ulike liv. Du gjorde eit godt inntrykk! Takk for boka. Ho er eit viktig døme på oppvekst i Noreg, rasisme og om å vere eller ikkje vere norsk nok. Seksar på terningen trillast ut av handa mi. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s