bokanmeldse

Life must go on

Eg har lese ein eldre ungdomsroman av Bjørn Sortland, Det er ikkje natta (Det Norske Samlaget 1992) og han var debutboka hans.

Boka er mest om Steve og Roy, to gutar på 16 år. Det er sommar og kveldane er så lyse at det aldri heilt vert natt. Dei er forelska i same jenta, Anne, utan at Steve som vert kjærasten hennar veit det. Roy kavar med tilværet. Sjølv om han er flink til å spele musikk og held konsertar, kjenner han at han må vere nokon og at han liksom ikkje er nokon. Veit han ikkje opp og ned, veit han ikkje dag og natt? 

Eg kjenner på det vonde, og eg anar også det fine. Det han ønskjer seg. Det er varme og humor i boka, også når Roy blandar piller og alkohol og hamner på sjukehus. Dei to gutane har humor i det svartaste. Eg vonar sola fortset å stå opp, lyssett tilværet som ein betre regissert film enn livet var nett no. 

Ei bok som verkeleg lever og tek det alvorlege på alvor med eit godt blikk og blink i auga. Språket er godt og eg lever meg lett inn i både handlinga og persongalleriet. Eg vil gjerne kjenne både Roy og Steve i røynda. Det einaste eg synst var litt vanskeleg i boka, var å vite kven av dei to gutane det handla om somme tider. Det var litt uklart for meg. Femmar for ein god story, med viktige bodskap formidla i ein ungdommeleg, fin tone – som ein rockeballade. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s