bokanmeldse

Sakleg skråblikk 

Meir sakprosa: Eg har lese Operasjon sjølvdisiplin av Agnes Ravatn (Samlaget 2018, lesareksemplar). Det er ei lita, vitskapleg sjøvhjelpsbok som gir råd og forklarer årsak ikring det å klare måla sine. Den hjelper med å ha viljestyrke til det ein vil og til å ikkje utsetje det som er viktig for seg.

Eg har hatt boka i hylla nokre år, før eg no endeleg har lese den vesle, underhaldande guiden. Det i seg sjølv er eit godt døme på at vi menneske har lett for å prokrastinere (utsetje) – også ting som vi ser lysteleg på og kjenst positive for oss sjølve! Eg likar å lese, både sakprosa og skjønnlitterært, og Agnes Ravatn er ein forfattar eg skattar høgt. Eg lo litt av meg sjølv når eg såg kva for ei bok eg har hatt ståande urørt så lenge.

Boka er morosam, rak på sak og gir enkle og tips som kan la seg gjennomføre utan at ein må leggje heilt om på livet sitt. Eit døme: Ønskjer ein å lese fleire bøker og sjå mindre TV, kan ein leggje fjernkontrollen på badet.

Det var artig og sjølvbevisstgjerande å lese denne boka! Femmar frå meg.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s