Pulsen min bankar og hjartet humrar, samstundes som eg har fått ein del å tenkje på. Eg har lese ei bok som krev at eg brukar hovudet. Men hjartet kjem også godt med. Det er essays av Gunnhild Øyehaug, tittel: Hjartet i skalkeskjulet(Kolon Forlag 2022, lesareksemplar frå forlaget).
Tekstane er kloke beretningar og refleksjonar om inspirasjon, kunst, litteratur, skrift og film. Eg spola meg sjølv fram og tilbake då eg las. Eg reiste mellom bilete og bokstavar. Eg vart tatt att og fram i tid, og liv. Store kunstnarars liv og mitt eige litle.
Eg fekk sjå og lese Edvard Munch. Utan eit skrik satt eg stum av beundring. Eg fekk nesten lyst å male eit bilete, så inspirert og entusiastisk vart eg. For kva er kunst? Eg det oss, er det menneske? Har vi alle noko å fortelje, om enn i ein anna form?
Eg treng ikkje vere berømt. Eller kunstnar i det heile. Men eg treng å få leve i litteratur og kunst, og eg treng å få uttrykkje meg. I mi eiga notatbok, og i samspel med mine næraste.
Boka inneheld memoarar og dels personlege tolkingar. Øyehaug syner oss også tilfelle der ho har tolka «feil», der andre har ei anna versjon. Dei gav meg mot til å tenkje sjølv. Eg lærde også om dramaturgi og forteljarvinklar.
Ein femmar for denne skrifta. Boka er tredje essaysamling frå forfattaren, hjartet mitt vonar på fleire.
