Eg har lese litt meir barnelitteratur, ei diktsamling denne gongen. Når sola kjem dettande inn Dikt for store og små 1990-2004 av Per Olav Kaldestad (Wigestrand Forlag 2017). Boka er ei samleutgåve av dei tre fyrste av Kaldestads diktsamlingar for barn: Sola klappar meg (1990), Denne jorda eg bur på (1998) og Når morgonfrosken syng (2004).
Boka har varme dikt og dikt som frys. Boka viser omsorg og omsyn. Dei er glade og lukkelege. Dei er triste og sorgfulle. Dikta gjer opprør: dei hatar og krigar. Dikta elskar: ein kjærast, ei frosk, naturen og årstidene. Det er ei tid for alt. Eit rom for alt. Eit verdsrom med menneske i. Her er eg. Her er vi.
Eg vart varm i trøya av å lese. Eg fann liksom mi stemme i Kaldestad sin. Ei lyst til å vere med å fortelje, om det eg ser. For Kaldestad kan verkeleg sjå, med eit perspektiv som har oversikt, er annleis og nyskapande. Som eit nyfikent barn, samstundes som ei klok ugle. Eg vaskar fjøra, nappar meg klar og lagar meg ei fjørpenn. No vil eg dikte, om morgonlyset og nattemørkeret. Terningkast 6.
