«Diktet kan byrje med at han går baklengs inn i eit rom», skriv den britiske poeten Warsan Shire i diktet Baklengs i diktsamlinga Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet, gjendikta til norsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen (Samlaget 2022, lesareksemplar frå forlaget). Sånn kan litteraturen både opplyse, skrive om heile røynda og forandre verda.
Forfattaren er fødd i 1988 av somaliske foreldre i Kenya. Ho ber ei historie farga av melanin-hud og bagasje i flyktningkoffert. Forfattaren kler verda i skrifta. Dikta flyktar ikkje. Bulimikropp som fyllast. Forteljingar som står av seg sjølv.
Shire vågar. Dikta skildrar det som har vore og det som er. Dei er sterke utgreiingar og harde fråsegn. Dei er stygge og fantastiske bilete. På verda. På samfunnet. På kulturforskjellar. På det som foreinar menneske. Det er familieportrett.
Språket har snert. Dikta svingar. Eg lar meg bevege. Dikta er annleis, framande og nære. Eg set femmar på terningen. Eg likte å lese også den førre diktsamlinga som var omsett til norsk, Eg lærer mor mi å føde (Samlaget 2020).
