Sjølv om eg les romanar og alle slags andre bøker som eg brukar også i desember, les eg også noko eg ikkje les mest heile året: eg les julebøker og julehefte. I år les eg også i ei kalenderbok kvar dag, Jostein Gaarder sitt julemysterium om den magiske kalenderen.
I dag vil eg fortelje om eit av hefta. Eg har kost meg med Juleroser 2022 (Samlaget). Juleroser er det Herbjørg Kråkevik som er redaktør for, og heftet er noko litt anna enn julehefta eg hugsar best frå eg var barn – dei med teikneseriar og sånn. Eg hugsar eit år fetteren min hadde ein jobb der han fekk med seg alle Disney-hefta heim og eg såg dei hos tanta mi, eg var kanskje fire-fem år eller noko slikt og las dei nok ikkje heilt enno, men det var ei magisk stemning. Ei overflod av jul! Magi er det også no, og særskilt med desse hefta for mest vaksne synest eg.
Juleroser 2022 – som er åttande utgåve av Juleroser – er eit illustrert, litterært julehefte. Det rommar nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid kombinert, komponert, med nye og klassiske kunstverk. Det er også ein raud tråd som får alt til å syngje og klinge saman. I år er temaet klokker.
Å lese Juleroser 2022 var ei skikkeleg hyggeleg oppleving som varierte – i form – med veldig fine bidrag frå ulike forfattarar som alle gav meg eit eige blikk på jula. Eg likte kjempegodt å lese frå Professor Andersens natt (Dag Solstad). Diktet til notidsaktuelle Brynjulf Jung Tjønn Solkverv skein og klang som klokke i meg, eg gler meg til jul og lys og eg vil lese vidare mot julaftan i all slags nydeleg, deileg litteratur. Nina Lykke som også er aktuell med ein ny roman frå i haust, har òg eit skikkeleg fint bidrag i Juleroser 2022. Den juleforteljinga vil eg ha med meg for all framtid! Det er ei forteljing om demens – og kjærleik på alle plan – tittel Tidsmaskinen. Eg vil ikkje gløyme. Eg vart også veldig interessert i kyrkjeklokkenes historie rundt i verda, til alle tider, eg har lyst å lære meir i mi tid som menneske her på jorda. Den nyskrivne julesongen til årets julehefte er av Janove Ottesen. Det er også kunsttrykk, tre i talet, som ein kan ta ut av heftet, det er litt stas synest eg – nesten litt magi ala glansbilete frå mi barndomstid.
Som klokka kling er eg rørt og litt glad etter å ha lese på meg enno meir julestemning. Framleis god førjulstid! Forresten, Samlaget har også lagt ut podcastar med Herbjørg og juleroser, ein med Robert Stoltenberg og ein med Nina Lykke. Dei gav meg førjulsstemning.
Helsing Helene
