bokanmeldse

Syngje jula inn 


Når eg postar dette innlegget, er klokka 17.00 på sjølvaste julaftan. Då vi på forfottarskulen for skrivande med minioritetserfaring hadde siste skulesamling, den seinaste helga i november, fekk vi på veg ut døra til Samlaget velje oss ei bok. Eg stod i hylla og såg. Men eg vart ganske raskt sikker på kva for ei eg ville ha som eit skikkeleg godt minne om tida med skule og skriving på nynorsk, som eg kan sjå på – saman med dei eg er glad i – kvart år framover, medan eg skriv vidare på draumen min.

Boka er sentral for kvar einaste komande jul, faktisk! For eg valte praktboka som Herbjørg Kråkevik var redaktør for, Julesongboka (Samlaget 2020). Og i dag, sit eg klar med boka i fanget medan sølvgutane står klare for å syngje jula inn.

I boka har Kråkevik samla nett dei gamle og gode julesongane våre. Dei som familiar har samla seg rundt i generasjonar. I kveld skal eg gjere det same. Songane har oppigjennom historia gjeve trøyst og julefred, og eg vil også seie glede. Som Eg er så glad kvar julekveld! Kråkevik har teke med advents- og julesongar som risikerer å hamne i gløymeboka. No kan eg få lese, sjå, syngje med! Åtvaring: Eg syng litt falskt. I tillegg har boka med både dei tradisjonelle låtane og dei nyskrivne julesongane frå kvar utgåve av juleheftet Juleroser. Alle låtar er utstyrt med noter og besifring. Nokre har versjon både på nynorsk og bokmål.

Boka er tjukk og god, og vakker er ho med kunst og dekor frå gamle Julerose-utgåver, utgåver som kom ut i perioden 1881-1944. Resten av året, skal boka mi ha heidersplass i på øvste hylle, som ein lovnad om ein ny jul – søte, fine, tida, til glede og ettertanke.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s