bokanmeldse

Fugl, fisk, alt i mellom 

Eg har lese Maren Uthaugs roman frå 2017 som kom i norsk utgåve i 2020; Der det finst fuglar (Samlaget). Romanen er ein familiekrønike frå Trøndelagskysten. Ein rikare roman skal ein leite litt etter for å finne. Lukka er stor når eg finn han. Dette var ein overraskande stor leseoppleving.

Eg byrja lese om menneske i ei bygd i Trøndelag. Fyrst ein mann ved fyret, som tek livet sitt. Ein annan får jobben etter han – han vil ha han for å redde mora si som har vorte enke og er for sjuk til å jobbe lenger sjølv, men det er kravd å vere gifte om han skal få stillinga. Han gifter seg med prestedottera Marie, jamvel han eigentleg elskar Hannah. Men dette er ikkje einaste drama. Fleire har løgndomar, Marie har også ein grunn for å ville gifte seg brått. Johan får aldri vite den sanninga.

Det er eit stort vev-bilete som tar form for meg som lesar, eit kunststykke med funksjon. Litt etter litt, forstår eg samanhengar. Det er så mørkt at det kunne ha vore dystert å lese, men romanen får fram alle menneska sine tankar og kjensler på ein måte som gjer at eg kan forstå sjølv dei mest avskyelege handlingar og val. Sjølvsagt ville ein ikkje gjort det same, men ein får ein innsikt som gjer at ein forstår kva slags lidingar dei alle opplev. Vi får sjå kva mista kjærleik, isolasjon og hardt vér driv dei til. Uthaug evnar også å bruke humor. Eg ser lysglimt, som fyret lyser dei for meg i mørkret.

Romanen er delt opp i ein del for kvar av hovudpersonane Johan, Marie og dottera Darling. I kvar del får vi eit litt anna perspektiv, og kjøt på beina til historiene slik dei spinnar i fleire retningar og vevast saman før dei endar opp. Vi får dei ulike sine løyndommar, og sanninga endrar seg – det heile biletet – etterkvart som eg les.

Forfattaren, som er dansk-norsk, har spunne rundt historier frå si eiga slekt ho høyrde i barndommen. Det er mørke historier, men eg kjenner som skrive også gleda personane opplev saman, ikkje minst saman med omgivande og naturen! Eg ser då spesifikt for meg fiskane som er der det finst fuglar. Eg høyrer fiolinen «horebukken» Feite spelar på og eg kan sjå den tilbakeståande guten Valdemar gå i det grøne medan han rautar som ei ku. Romanen er så rik at ein kunne mjølka fleire forteljingar frå han, at han er så stor kjenst som ei gåvepakke – minimum fem på terningen.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s