bokanmeldse

Glitrande bokstav-krystallar varma meg i snøen

Det var seint i desember. Eg hadde vore i godt møte med mentoren min om skrivinga mi. Eg fekk eit boktips: samlinga med diktbøkene til Eldrid Lunden, Dikt i samling 1968-2018 (Aschehoug 2019).

Det var heilt tett opp til jul og julenissen hadde vel eigentleg allereie ordna alt som skulle med i sekken for jula 2022. Men pappa kasta seg på internettet og kjøpte boka til meg frå ein av bokhandlarane, ho rakk fram i posten eg opna ho lukkeleg under treet på julaftan. Eg hugsar eg utbraut: Det er nesten ein bibel! Boka var på nemleg på omtrent 550 sider, og låg tungt og godt i fanget mitt som eit Jesus-born. Pappa smilte. Eg smilte enno meir. Med det, var ei ekstra skriveglede fødd. Nesten ikkje til å tru eller kva?

Tru eller tvil, eg er ikkje alltid sikker på om eg har noko å fare med. Men å lese dikt gjer meg uansett meir glad i livet og eg får lyst til å fortsetje mi eiga skriving, på livets veg – og det så lenge eg er på han.

Dikt i samling gav meg leseglede mange dagar og kveldar. Det var 14. februar, alle hjarters dag, eg avslutta fyrste gjennomlesing. Hjartet mitt jubla over nye betraktningar, versjonar å sjå og å vere i verda på, som endar i vers.

Ja, auga mine gjekk på kryss og vers. Eg las, eg skribla, eg grubla og eg lét ord søkke inn – og så stå opp att, sveve. Dikta i boka er til saman alle dei elleve diktsamlingane, frå debutboka ‘f.eks. (1968) til ‘Det er berre eit spørsmål om tid’ (2018). Den siste kretsar i kring nærvær og død. Eg vonar dikta til Eldrid har evig liv. Eg vil la dei ligge trygt inni meg og spire litt sjølv, ikring tema ho presenterer på ein noko annleis måte enn andre lyrikarar eg har lese.

Mammy, blue – samlinga som kom i 1977 (Samlaget) og som alle dei andre er gjengiven her –  var ei særskilt spesiell leseoppleving som også harmonerer litt med det eg sjølv har produsert. Det handlar om anoreksi. Kropp vert språk, på godt og vondt, i livet og kunsten. 

Språket til Eldrid er ekte, vakkert, elskverdig. Ja, eg elskar nynorsk brukt i poesien. I toppsjiktet på terningen og ei bok eg vil ha med meg livet ut – både i hovudet og sjela samt fysisk i hylla. Anbefalast varmt (men ikkje la verte så varm at ho tek fyr!)

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s