bokanmeldse

Marie Takvam, far min og eg 

Eg har lese Auger, hender – Dikt av Marie Takvam (Gyldendal Norsk Forlag 1975). 

Eg vart introdusert for Marie Takvam, hendar liv og dikting, då sonen hennar Magnus Takvam – som vi også kjenner frå NRK – snakke på same markering kring verdsdagen for psykisk helse i Bergen kommune som eg, eg via video, han der i røynda, så vidt eg hugsar. Ho hadde levd eit hardt liv, og eg kjende meg litt att i både noko Magnus Takvam sa og hennar eigne litterære spor. 

Til jul hadde eg ønskt meg ei diktbok av Eldrid Lunden. Pappa hadde ordna, men visste at eg alltid liker å oppdage meir lyrikk. Medan vi venta på julekvelden på formiddagen, fann han fram nokre av sine eigne eksemplar av diktsamlingar. Ei av dem, som eg valde å teke med meg heim til meg sjølv , var Auger, hender. Då eg opna boka på ei tilfeldig side og leste eit par linjer for pappa, kjendest alt perfekt, komplett. Eg og pappa og Marie utfylte kvarandre. No var eg heil. Eg var lykkeleg, ein poet i rørsle. 

No har eg lest meir. Noko av det morosame med pappas gamle bøker, er at ein ser han har levd med dei. Så han var ung, både studerte han og jobba med det han las. No er eg kunstaren som brukar orda på nye måtar. Det gjer at eg føler han er røtene og eg spirene på blada. Og mor mi gir mi vatn til å vekse, ja det trur eg. Som gjødsel funkar alle dei ulike forfattarane og poetene som finst. Takk. 

Takk til Takvam som våga å skrive om livet. Både gode bileter og meir mørke blinkskot, og heile kapittel kanskje. Diktsamlinga eg no har lese, handlar om mangt. Vaksenliv, ungdomsliv, grå hår. Kjæraster. Gamleheim. Hadde det vore best å døy før ein fekk sjå kor dårleg det vart på slutten? Samstundes, takksam for operasjonen. 

Og med det seier eg
takk på nytt. Uansett kor vanskeleg livet kan vere, og kor annleis, utanfor eller sjuk eg innimellom kjenner meg, elskar eg å oppdage andre liv, røyster, litteratur som der verda med sine auge. Ei lita diktsamling som eg set ein solida femmar på. God lesing – om du får ta i eit eksemplar av den gamle boka. I mi, eller far min sin, ser eg at han fekk kjøpt ho for 10 kroner i 1978. Eg trur eg skylder julenissen ein (halv) cola for bonusgåva. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s