Eg har lese Det er lenge til skumring av Tharaniga Rajah (Samlaget 2018) – ein framtidsroman som teiknar opp eit nytt landskap for meg, ei verd med ei alternativ norsk røynd.
Boka skildrar kampen for ein samisk stat etter ein skandinavisk krig. Allereie med det, vert eg også kasta rundt. Når eg les bøker er sjeldan nordmannen ein fiende. I denne boka er han – eg/vi – nett det.
Noreg har nemleg utsett samane for utreinsking. For å greie seg, tek Raisa med dottera Násti til Finnmark. Ho vil eigentleg kallast Nina, men mora held på det samiske namnet. Raisa, vil ikkje verte kalla mamma, det er ikkje ord frå deira språk. Dei er ikkje nordmenn, dei er samar.
Innflyttarane Raisa og Násti vert i Finnmark tilhøyrande ein samisk fellesskap. Fellesskapen byggjer ein samisk stat. Denne staten vert angripen av nabolanda.
Raisa vert så soldat for å verne det nye landet sitt. Raisa vert krigar. Tilværet er stort og kaotisk og ressursane minimale, nett som matbehaldninga. Raisa kjempar for å beskytte dottera si, vonar ho skal få sleppe å verte soldat i krig i framtida.
Násti sin kvardag er også vanskeleg. Etterkvart kjem barnevernet når ho har kome til å tenne på eit bygg når ho har vore ute med andre ungar. Kva skjer med Násti? I den sårbare tida er katten Blåbær til trøyst for jentungen. Men nokon vil skade alt dei kan, også barn og kjæledyr får kjenne hatet. Finst det nokon stad å vere trygg?
Vi vert vitne til å mangle mat sjølv om dei jobbar med reinsdyr alt dei kan. Vi får sjå krigshandlingar som eg kjenner att våpena i frå utanriks nyheitssendingar dei siste åra, som terrorangrep med til dømes sjølvmordsbombarar. Kampen for tilværet kjem fram til meg nesten som ein urkraft. Ho kjempast ned med dei mest brutale våpen og verkemiddel.
Språket er særs viktig i denne romanen. Det er bruke nordsamiske ord aktivt i teksten, noko som gjer menneska og det som utgjer at ein er fiende eller ikkje trer tydeleg fram for meg. Språket er makta. Grepet funkar absolutt her. Boka kjenst truverdig enno dette heldigvis ikkje har skjedd, må eg seie enno?
Eg tenkjer på framtida. Kan vi kome i meir krig? Det står mykje om Russland i teksten, det er klart at å lese namnet på akkurat det landet saman med ordet krig og alle krigshandlingane i romanen, skremmer meir no enn før krigen i Ukraina.
Eg vil teke vare på og verne om alt som gjer verda så rik. Minoritetar som saman gir mangfaldet. Eg likte godt å lese setninga der nordlyset blinkar som regnbogen. Det finst mange fargar i verda, ikkje berre eit bilete er godt og rett – det vi har knytt til glede og skattar. På same måte kan eg tenkje om menneska. At vi finst i fleire nyanser gjer at vi har ei rik verd. Det er ei skatteskite i seg sjølv.
Boka er ei levande forteljing eg håpar ikkje vil finnast. Ho fortel om krig og terror. Med originalitet overraskar forfattaren meg og får meg til å sjå: alle slags menneske og nasjonar kan vere tyrannar. Det er ein roman om svelt og heile kampen for overleving. Kjærleik og samhald bankar i hjarte mitt. Eg klarte ikkje heilt å lande eit endeleg terningkast, boka gav meg mykje. Ho kravde også høg konsentrasjon for å forstå alle mekanismane i krig. Eg trur eg kastar ein lasso midt mellom firaren og femmaren, men boka kjenst viktigare enn å setje tal på ho. Ei bok verd å oppleve.
