Det er ikkje kvar dag det kjem ut diktbøker for barn som skriv seg inn i forteljinga om det som er gøy å høyre verte lese opp til alle døgnets tider og for nett fleire tidsaldrar! Eg las høgt frå Tusen elgar i garasjen av Sigmund Løvåsen (Samlaget 2023, lesareksemplar) i stova mi, og dei to vaksne – ein ung og ein midt i livet – som sat saman med meg lo like høgt som stemma mi bar. Boka laga historie i heimen min.
Tusen elgar i garasjen er ei diktbok for barn som passar for alle vaksne og alle barn. Boka opnar opp verda vår. Vi får sjå naturen. Vi får sjå på namn og uttrykk. Dei hamnar under lupa, på skrå. Vi får sjå kva som er så rart med dei større menneska, oss vaksne meiner eg! Vaksne vert ikkje teke høgtideleg i denne samlinga. Det har vi godt av. Det gjer meg godt. Vi er oppfatta med eit skrått blikk, eit morosamt smil.
Barna er teke på alvor. Kva dei kan gå å gruble på kjem i lyset, med alt tankane kan få av gode og dårlege svar. I boka får ein sjå kva ein kan finne på om ein er litt lei seg til dømes, utan at det nødvendigvis forandrar verda. Jamvel kan det vere godt – å plukke ein blome, sjå ein sommarfugl! Ein kan gjere morosame ting, utforske alt ikring seg nesten når som helst. Ein kan putte maur i trusa på vaksne som trur dei veit noko om maur i kroppen! Ein kan setje ein elg som knagg i gangen for at han ikkje skal verte eten opp. Eg heng hatten min på han og ler.
Det er lun humor. Det er presise fakta blanda med ville tankesprang. Eg hoppa i lufta. Eg lærde om spyfluga. Eg landa ved føtene mine, der eg lærde om sikksakk-mønsteret til hoggormen. Dei rake stripene hadde vorte brukt opp på sebraen?
Illustrasjonane er gjennomtenkte og godt gjennomførte. I byrjinga av boka vart eg i det fyrste diktet freista til å sjå på innsida av permen bak. Der fann eg doen, så visste eg vegen om eg måtte på do. Ein kan jo verte tissa-trengt. Eg måtte kvile litt midt i boka før eg tok ordentleg fart på lesinga. Der låg eg i ei god seng med mørkeblått sengeklede. Boka er illustrert av Hilde Hodnefjeld.
Dette er diktboka som gjer meg glad med tanke på framtida. Opplevinga av boka fekk meg til å tenkje at ord kan spire og gro i dei som ikkje har vokse opp enno og vere gjødsel og vatn for oss meir fastgrodde. Eg kan lese disse dikta høgt for tantebarna mine men også for far min og mor mi. Dei er allmenngyldige. Orda kan gi kvardagsleg glede og skape spennande, snåle og smarte samtalar på tvers av generasjonane. Livet, smått og stort, handlar om å opne seg for verda og teke ho inn. Eg pustar ein seksar på terningen. Om han flyg sin veg, vonar eg han fortel om dikta eg nett har lese.