Eg har lese Ingen må vite (Samlaget 2008) av Aina Basso. Eg har lese dei andre romanane til forfattaren men eg hadde ikkje fått tak i debut-romanen før eg var så heldig å få ho av ei forfattarvenninne i posten no i disse dagar. Den gong valte eg å høyre han som lydbok, men det var ei glede å no også få lese romanen sjølv! Eg må også innrømme, at nokre stadar er boka så brutal og vond at eg var glad eg hadde høyrt litt korleis stemninga kanskje ville lette, livet for hovudpersonen, mens eg satt og las med høg puls og nesten pustestopp.
Handlinga startar i året 1734. Ingeborg dett på isen. Når ho kjem til seg sjølv, får ho auge på Mikkel med dei grasgrøne auga. Han står og hjelper henne opp. Her startar draumen, om dagen, om natta. Men i røynda er også ein annan mann, morens mann Gabriel – husbonden – som misbrukar Ingeborg seksuelt, i løyndom. Ingeborg treff Mikkel no og då, men det er Gabriel som kjem inn i senga hennar, legg seg over henne med brennevinsande og tung kropp. Ingeborg sin mage byrjar vekse og løyndommen ingen må få vite kjem ut mellom beina. Ei bok om skyld, sorg, blodskam, lengt, dødsdom og kjærleik.
Får meg kjenst det viktig å få vite. Eg vil vite om ulike liv. Eg vil føle og forstå korleis det har vore før, korleis det kjenst, og korleis det er no og kan følast i vår tid. Eg vil ha ei innsikt i kva ulike ting gjer med menneska som lev. Og døyr. Difor er eg særs glad Aina Basso gir oss historiske romanar – dikta og skrivne – tro mot ei røynd som har funnets. Femmar på terningen for leseopplevinga eg ikkje ville vore for utan.
