bokanmeldse

Time to write and tell…

Kan eg vere må å rose ein kritikarrost forfattar? Eg las den nye diktsamlinga til Ocean Vuong, som er hans andre. Ho heitar Tida er ei mor (Samlaget 2023) og er gjendikta frå engelsk av Mathias R. Samuelsen.

Når eg les dikt som gir meg meir enn å vere fine strofer, kan eg sjå store bilete og nye verder i vår verd. Eg kan ane kjensler ein ikkje kan sjå med blotte auget. Ocean Vuong meistrar å skrive så eg kjenner på openbaringar også i det mørke og dystre som ei sorg nett kan vere.

I boka leiter Vuong etter trøyst i det som er att etter at mora ikkje lever meir. Tekstene er uventande og oppsiktsvekkande samtidig som nedpå og nære. Dei treff meg, dei rører utan å gå rundt grauten. Eg lever meg inn i erfaringar eg sjølv ikkje har. Eg ser for meg kokken som ein krigshelt, med blodet på forkleet. Slike bilete som brått kjenst openberre og opplagte når ein flyttar dei ut i hard røynda.

Boka fortel kva ein familie har å seie, frå eit personleg perspektiv likevel heilt relevant – også for meg. Eg kjenner sorga til forfattaren over det som ikkje kan vere meir så intens at eg medan eg las tenkte ekstra mykje på dei som er mine folk som eg vil behalde, og få sagt – og da i skrifta også der eg funkar best – alt følelsane kanskje manglar ord for. Som kva dei næraste menneska er for meg, i mi røynd, i vår verd der vi saman skal få høyre til.

Vuong, fødd i Vietnam, har vekse opp i Amerika som eit resultat av ein imperialistisk amerikansk krig. Han skriv med det engelske språket han ikkje sjølv fekk velje. Eg får ei kjensle av korleis det er for Vuong å skrive, korleis han har vekse seg fram med si stemme, vorte forfattar og korleis han er no, skrivande voksen mann. Eg gler meg til å lese meir frå Vuong og har sat På jorda er vi glimtvis vakre – romanen frå 2019 – høgt opp i køen på leselista mi.

Diktsamlinga gir meg mening til Vuong. Boka har verdi, for ei heil menneskeverd kan Vuong nå ut. Han skriv seg fram med fragment frå liv og tap og gir med det same seg sjølv livsverdi. Hans tilvære set eg pris på. Eg står i audmjuk blome med bøygd rosehovud på likevel strak, optimistisk grøn stilk. Eg kjenner lyset varme i andletet. Terningkast fem.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s