Eg har lese Vi, forteljingar av Thomas J.R. Marthinsen (Solum Bokvennen 2023, lesareksemplar frå forlaget). Vi er 11 forteljingar om like mange konstellasjonar. Eg synst det var rett spennande å lese denne etter å ha hugsa på debuten til Marthinsen frå 2010 som også var ei samling forteljingar, under tittelen Du (Gyldendal). Du var skriven på bokmål, medan Vi er i nynorsk målform. Det synst eg var ein interessant vending, å sjå at det er mogeleg å vandre mellom dei ulike måtane å formidle seg på, som eg likar å gjere, for fleire. Eg kjende fellesskap, i mangfaldige Noreg. Her er vi!
Samanstillingane i Vi har ulike utgangspunkt. Nokre gongar er eg-forteljaren ein mann. Andre gongar ei dame. Boka knyter menneske saman og skil dei frå kvarande. Det er ei bok om kjærleik og skilsmisser. Det er ei bok om å vere barn i midten av dei to som elskar eller elska kvarandre. Det er mors bok og fars bok også. Det er portrett av levde liv med familierelasjonar, vennskap og idiotar på fleire arena.
Boka her no. Eg kjenner ho helt nær, tett på alt i kring oss, tett på sjela som kanskje blomar prøvande.
Samstundes er boka om tid som har vore. Om gløymsel, om kunsten og hugse. Vil alt verte borte? Kva sit eg att med då?
Eg sit att med kjensla av å ha møtt fleire menneske på fleire plan i det minste, gjennom å få sjå gjennom Marthinsens auge, penn. Vi får gjere så godt vi kan, med å fange notida, i ordbilete, refleksjon, gode dialogar. Sjå, no snakkar vi! Om livet. Om døden. Om draumen. Til alt som kan, skal kome. På godt, på vondt. Eg landar på femmar på terningen min for Vi, forteljingar av Thomas J.R. Marthinsen.
