Martine Grande er forfattar og illustratør. Eg likte så godt å lese biletebøkene hennes Kakerlakken med den stygge frakken – og hovudet fullt av triste tankar frå 2013 og Ørn frå 2021.
Dei to bøkene fortel så godt om vanskelege kjensler. No har eg nett lese Stor (Samlaget 2023), og vart ikkje skuffa. Boka passar kanskje enno betre for ein yngre målgruppe enn dei to eg nemnte. Likevel greier ho å romme viktige kjensler som glede og redsle.
Eg-personen i boka er ei jente som vil verte stor. Når ho vert stor, skal ho hente litlesøster i barnehagen. Ho skal vere konge – nei, vent, det vert for kjedeleg å vinke heile dagen, og konstabel og brannmann og sjukesøster. Ho skal ete laurdagsgod kvar dag og køyre bil og handle på butikken. Litlesøster skal sitte i baksetet og kan ikkje sjå at ho et godteri og drikk brus! Ho gler seg.
Etter ei stund byrjar ho samstundes å tenkje på alt som kan gå gale. Butikken kan vere stengt! Då vert det ikkje noko handling, ingen godteri eller brus. Dyra ho vil eige kan kome til stikke frå ho. Kven skal hjelpe ho å få dei heim att? Gutane som kastar stein kan framleis kaste stein. Ho vert redd. Det finst kanskje ingen som kan redde ho.
Så kjem vendepunktet, i endinga – ho kan springe heim til mamma og pappa. Når ein er stor men kjenner seg lita, er det godt at det er mogeleg. Så fint at både vaksne og barn finst, tenkjer eg. Ei klok, lita bok som får femmar på terningen av meg. Fin å lese med dei yngste barna.

