Eg har lese Fuglane av Tarjei Vesaas, ein roman som utkom i 1957. Vesaas skreiv han på nynorsk. Seinare er klassikaren publisert også på bokmål. Eg las ein nynorsk versjon, i ei samleutgåve med tre romanar av forfattaren (Gyldendal Norsk Forlag A/S 1988).
Nokre gonger når ein vel ei bok ein vil lese, treff ein blink. Denne gongen vart det som å ha skote gullfuglen. Eg flyr inni meg av glede, og vil freiste å skrive bokmeldinga mi på nynorsk, slik boka syng i meg.
Hovudpersonen Mattis er 37 år, som eg, og lever saman med syster si, og det er ho som skaffar mat på bordet med strikkinga si. Ho strikkar åttebladsroser så pinnane klirrar. Mattis syns ho er så skarp og han leiker med skumle ord som knivskarp. Han er tilsynelatande tilbakeståande, og har ikkje noko arbeid heller. Han er oppteken av rugda som flyger over dei, men Hege er ikkje like begeistra.
Hege freistar å få Mattis i aktivitet, og sender han ut på garder, og ut på vatnet så han kan ro når han ikkje lukkast med arbeidet på gardane. På vatnet, lekk båten og han får hjelp av to jenter. Han kjenner seg tross det, for helten. Det er han som ror dei i land. Han visar seg fram for bygda og fortel stolt til Hege. Ein dag får han difor prøve seg som ferjemann.
Det er ikkje mange som treng bli rodd, men han støyter på ein kar – Jørgen – som må kome seg over vatnet. Han skal søke arbeid som tømmerhuggar. Båten lekk igjen og det tar lang tid før dei er over, så når dei er framme vil Mattis gjere det godt igjen.
Dette er både lukka og ulukka for Mattis. Jørgen blir med han heim for å få husly over natta, og Hege får då treffe han. Ho livnar opp. Dei to blir forelska i kvarandre og blir eit par. Mattis syns ho er endra, og han er redd for at Hege drar med Jørgen og at han må verte aleine. Eg opplev han gjer ting for å få ho til å sjå han, som å ete giftig flugesopp.
Dette er ei sart, sterk og sårbar forteljing. Om livet sjølv, for ein som er annleis. Eg kjende meg igjen. Boka fikk eg tips om frå faren min, og eg er takksam for dei som har levd lengre enn meg og veit litt om det som rørte seg i litteraturen før i tida. Eg vil lese meir av forfattarskapen til Vesaas. Skrivestemma hans gav meg ei røyst, som syng høgt i sky fordi eg ikkje er einsam! Eg forstår det no. Terningkast seks.
