Eg har lese Is-slottet av Tarjei Vesaas, ein roman som utkom i 1963 og året etter blei æra med Nordisk råds litteraturpris. Boka eg har lese står i ei samleutgåve med totalt tre romanar av forfattaren, nemleg saman med Kimen og Fuglane (Gyldendal Norsk Forlag A/S 1988).
Nokre gonger, er korleis ei bok er skriven viktigare for meg enn handlinga. I denne romanen klaffar begge delar. Han handlar om venskapen mellom to jenter, Siss og Unn. Unn er ny på skulen, ho har flytta til moster si fordi ho vart åleine då mora hennar døyde og systera til mora er den einaste familien ho har.
Siss er nyfiken på Unn som står for seg sjølv og ein dag får ho kome heim til ho der ho bor hos mostra. Det er dei to denne kvelden, men noko er underleg. Noko Unn ikkje seier. Siss må heim, og gler seg til å sjå Unn på skulen dagen etter. Men når ho kjem dit, er Unn vekk. Ho har gått til fossen, der ein finn Is-slottet. Leitemannskapen søkjer etter ho, utan hell. Siss vert forandra, blir slik som Unn var – ho står åleine langs med veggene på skulen, vil ikkje vere ilag med dei andre. Ho meiner det er ein lovnad til Unn. Boka skriv fram om løyndomar på ein måte som ikkje fortel for mye. Eg kan som lesar også få drøyme, som karakterar i ei bok kan.
Vesaas skildrar natur, fugleliv og menneske. Eg kjende eg vilje ut å observere då eg hadde lese ferdig, eg vil sjå alt det Vesaas såg då han skreiv. Det er veldig inspirerande, Vesaas står igjen som ein forfattar som skreiv nynorsk på måten eg draumar om. Seks auge på terningen frå meg til Is-slottet medan hjartet smeltar.

Jeg liker at du leser og skriver om Tarjei Vesaas bøker – jeg er så glad i dem, og særlig i « Is-slottet». Og jeg liker at du skriver på nynorsk!
LikerLiker